Skrapelodd

Lotteriverdige organisasjonar kan søke om å arrangere lotteri med skrapelodd.

Send søknaden til Lotteritilsynet med vedlegg som står i søknadsskjema.

Du søker om skrapelodd via sida for store lotteri.

Loddet kan ikkje trykkast før Lotteritilsynet har godkjent utsjånad og informasjon som må vere med på loddet.

Vilkår for skrapelodd finn du i § 4b, punkt 6 i forskrift om forhåndstrukne lotterier med skrapelodd.

I tillegg til vilkåra må telefonnummeret til Hjelpelinjen stå på loddet.

Gevinstene må vere sikra med ein bankgaranti eller sperra beløp i bank, som dekker gevinsten sin reelle verdi.

Lotteri med skrapelodd blir trekt på førehand av trykkeriet. Det kan også vere ein kombinasjon, der dei fleste gevinstane blir trekt på førehand, og dei store gevinstene blir trekt i ettertid, av Lotteritilsynet.

Skrapelodd må produserast på eit trykkeri som har godkjenning.

Relevante skjema for skrapelodd: