Rekneskapsrapportering for lotteriverdige organisasjonar

Godkjende lotteriverdige organisasjonar skal kvart år levere rekneskap innan 1. juni 2022. Vi har opna for rapportering.

Vi har sendt ut ut informasjonsskriv til alle lotteriverdige organisasjoner.

Alle organisasjonar som er godkjende som lotteriverdige organisasjonar skal rapportere rekneskap til Lotteritilsynet ein gong i året. Det gjeld uansett om organisasjonen har hatt inntekt frå lotteri og bingo eller ikkje. Manglande rapportering kan føre til at godkjenninga blir sletta.

Du kan også laste ned papirversjon:

Kvifor rapportere rekneskap?

Alle foreiningar som er godkjent som lotteriverdig organisasjon etter lotterilova § 4 må rapportere rekneskap. Lotteritilsynet har gitt dispensasjon frå kravet om rekneskap og revisjonsplikt etter lotterilova. Dette er likevel på vilkår av at organisasjonen årleg rapporterer sentrale rekneskapstal frå årsrekneskapet sitt til Lotteritilsynet på fastsett skjema. Vær merksam på at manglande rapportering fører til at organisasjonen si godkjenning og ev. lotteriløyve blir kalla tilbake/sletta.

Kva skal de rapportere?

Organisasjonen sine samla inntekter og utgifter i 2021 skal rapporterast. I tillegg skal overskot frå eventuelle lotteri/bingo spesifiserast i skjemaet. Plikta til å rapportere gjeld sjølv om foreininga ikkje hadde lotteri eller bingo i fjor. Vidare ber vi om ein kort oversikt av korleis lotteriinntektene vart disponert i rekneskapsåret. Ved avvikande rekneskapsår, skal du rapportere frå rekneskapet som vart avslutta i 2021.

Tilbakemelding

Ved elektronisk rapportering via Altinn får du straks kvittering etter at opplysningane er registrert og sendt. Vidare vil rekneskapsdata på nettsida vår vere oppdatert dagen etter. Her kan du sjekke ut om rekneskapsopplysningane er registrert hos oss.

Vi gjer merksam på at ved rapportering med papirskjema, kan det ta inntil to veker før rekneskapsdatabasen er oppdatert og du vil få kvitteringsbrev.

Dersom du vil sjekke status når det gjeld levert/ikkje levert rekneskap for 2021 for din organisasjon kan du ta kontakt med oss via: postmottak@lottstift.no.

Kven i organisasjonen kan rapportere?

Den som er registrert i Enhetsregisteret som dagleg leiar eller er styremedlem i organisasjonen, har fullmakt til å levere elektronisk skjema gjennom Altinn. Dagleg leiar/styreleiar for organisasjonen kan delegere fullmakt. Endring av opplysningar, må rettast til Brønnøysundregistra på www.brreg.no eller tlf. 75 00 75 00. Det er viktig at opplysningar om organisasjonen til ei kvar tid er korrekte i Enhetsregisteret i Brønnøysund.

Har du spørsmål om bruk av Altinn?

Dersom du er ukjend med bruk av Altinn-portalen anbefaler vi www.altinn.no,
eller Altinn brukarservice: tlf. 75 00 60 00, for informasjon om pålogging og elektronisk rapportering.