Nye tilskotsordningar for frivilligheit og idrett som følge av covid- 19

Nye tilskotsordningar som følge av covid- 19 kom i 2021. Her finn du oppdatert informasjon om dei nye tilskotsordningane.

Regjeringa annonserte i september at ordninga vil forlengast ut året, med atterhald om at det blir godkjent i ESA, som er EFTAs overvåkingsorgan.

ESA har no godkjent at ordninga blir forlenga ut året. Vi legg ut meir informasjon så snart vi opnar for søknader.

Tilskot i forbindelse med arrangement eller aktivitetar

Formålet med denne ordninga er å stimulere til aktivitet i frivillige lag og organisasjonar, men den gjeld også arrangement eller aktivitet som må avlysast på grunn av restriksjonar eller råd fra myndigheitene i forbindelse med covid- 19.

Ordninga gjaldt frå 1. januar til 31. oktober 2021.

Søknadsfristen var 15. november.

Tilskot til publikumsarrangement av nasjonal verdi

Dette er ei tilskotsordning for gjennomførte og avlyste publikumsarrangement av nasjonal verdi i idrettssektoren.

Internasjonale meisterskap på seniornivå som EM, VM, NM, verdscup og landskampar er omfatta av ordninga. Det same er seriespel på øvste nivå i lagidrettar, samt OBOS-ligaen i fotball.

Ordninga gjaldt frå 1. januar til 31. oktober 2021. Søknadsfristen var 15. november 2021.

Tilskot til dei som har mottatt momskompensasjon

Organisasjonar som fekk momskompensasjon i 2020 kan få tilskot i denne delen av ordninga, ved å fylle ut ei eigenerklæring. Fristen for å sende inn eigenerklæringa var 20. april 2021.

Utbetaling til lag og foreiningar er klar, her kan du sjå nøkkeltal.

Dei som mottok midlar frå denne delen av ordninga kan også søke tilskot i samband med gjennomføring av arrangement eller aktivitetar.