Slik arrangerer du basar

Basar er den enklaste forma for lotteri. Desse skal ikkje meldast inn til Lotteritilsynet.

Ein basar skal skje fysisk og kan ikkje vere elektronisk eller digital. Loddkjøpar skal møte opp både ved loddkjøp og trekning.

Førehandstrekte lodd (lynlotteri) kan arrangerast. Då er trekning gjort på førehand og loddkjøpar veit med ein gong om vedkomande har vunne.

  • De kan halde basar når inntektene går til eit bestemt formål.
  • Arrangementet må gjennomførast i løpet av ein dag, og det er ikkje lov til å selje lodd på førehand.
  • Kvart lodd kan ikkje koste meir enn fem kroner. Verdien av den enkelte gevinst kan ikkje vere over 8000 kroner rekna etter vanleg utsalspris.
  • Samla gevinstverdi for kvar basar må ikkje vere meir enn 40 000 kroner.
  • Gevinstane må trekkjast samla og når loddkjøpar er til stades. Dette betyr at loddsal og trekning må skje på same arrangement.
  • Det er ikkje lov å selje lodd på førehand av eit arrangement der det blir gjennomført ei trekning.
  • Du kan ikkje overlate gjennomføring av basaren til medhjelpar mot betaling.
  • Lynlotteri (t.d. i form av kakelotteri) blir under desse føresetnadane rekna som basar.

Sjå korleis du kan arrangere smålotteri.