Klage på Norsk Tipping

Får du ikkje utbetalt premien du meiner å ha krav på, kan sende inn ein protest til Norsk Tipping. Dette gjeld spela Tipping, Lotto, Viking Lotto, Oddsen, Flax, Joker, Keno og Extra.

Klagefrist

Klagefrist og korleis du sender klaga til Norsk Tipping går fram av kapittel 1.10 Foreldelse og protest i spelereglane. Dersom klagar ikkje får medhald hos Norsk Tipping skal selskapet informere spelaren om at vedtaket kan klagast til Lotteritilsynet. Ei klage på Norsk Tipping si avgjersle skal sendast via Norsk Tipping, som er pliktig å sende vidare til Lotteritilsynet innan 30 dager. Norsk Tipping skal legge ved alle saksdokumenta til Lotteritilsynet slik at saka blir best mogleg opplyst ved vår handsaming.

Lotteritilsynet vil be om grunnlaget for eit eventuelt avslag frå Norsk Tipping, eller be om meir informasjon frå spelaren, dersom vi meiner saka ikkje er nok opplyst. Vår avgjersle er endelig og blir sendt til klager med kopi til Norsk Tipping. Sakshandsamingstida er normalt tre veker. Vedtaket som vert klaga på skal sendast på e-post eller via post til: Norsk Tipping, Postboks 4414, 2325 Hamar.

Klage på Mulitix eller Belago

Du kan klage til lokalinnehaveren der terminalen står oppstilt, dersom du meiner å ikkje ha fått utbetalt premien du meiner å ha krav på, eller på andre forhold du meiner er feil. Informasjon om klagegangen finn du i spelereglane for Multix og Belago kapittel 7.

Dersom klagar ikkje får medhald av Norsk Tipping skal selskapet informere spelaren om at vedtaket kan klagast inn til Lotteritilsynet. Ei klage på Norsk Tipping si avgjersle skal sendast til Norsk Tipping, som er pliktig å sende klaga vidare til Lotteritilsynet innan 30 dager. Norsk Tipping skal legge ved alle saksdokumenta slik at saka blir best mogleg opplyst ved vår handsaming.