Høyringa er sendt ut på oppdrag frå Kulturdepartementet, og eventuelle høyringsuttalar skal sendast Lotteritilsynet.

Forslag til endring i forskrift om lotterier m.v. (lotteriforskriften)er sendt på høyring.

Lotteritilsynet sender på høyring endringar i forskrift til lov om lotterier m.v. (lotteriforskriften) § 8 om NM i turneringspoker (Poker NM) og i forskrift om lotteritilsynet og lotteriregisteret m.m §5-3b om pokerspel i private heimar. Høyringa blir gjennomført på oppdrag frå Kulturdepartementet.

Dei viktigaste forslaga til endringar er:

  • Auke frå 10 til maksimalt 20 deltakarar i private pokerlag
  • Auke frå tre til fem års varigheit på løyvet til å arrangere poker-NM
  • Det blir tillatt at spelarar i poker-NM kan registrere seg fleire gonger i same turnering, såkalt re-entry.
  • Innskotsgrensa på kroner 20 000 blir endra til ein tapsgrense

Frist for uttale

Høyringa er sendt ut på oppdrag frå Kulturdepartementet, og eventuelle høyringsuttalar skal sendast Lotteritilsynet innan 4.  januar 2021.

Les heile høyringsbrevet.