Her legg vi fortløpande ut informasjon og tiltak frå Lotteri- og stiftelsestilsynet knytt til koronaviruset.

Frivilligheita

Kulturdepartementet er no klare med forskrifta for ordninga der kultur, idretten og frivilligheita kan få kompensert for avlyste, stengde eller utsette arrangement. Arrangørar kan få kompensert for tap av inntekter frå billettsal og deltakaravgift, samt meirutgifter, som følge av at arrangement må avlysast, stengast eller utsetjast som følge av råd og pålegg frå styresmaktene i samband med koronaviruset. Vi kjem til å opne for søknadar 14.april.

Vi oppdaterar fortløpande med informasjon om ordninga for idretten og frivilligheita for øvrig her på nettsidene våre så fort vi veit meir.  

Utbetaling frå speleoverskotet til Norsk Tipping blir framskunda til mai. Dette skjer for å oppretthalde aktiviteten hos landsdekkande store samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.

Lotteri og bingo

Dispensasjonar frå bingoforskrifta blir forlenga, men Lotteritilsynet stiller samtidig strengare krav til marknadsføringa. Samtidig får bingoentreprenørane utsett frist til å betale ut til organisasjonane første kvartal, grunna stenginga av bingohallane.

Bingohallar blir vurderte som kulturarrangement av Helsedirektoratet. Alle bingohallar må stengast.

Som følgje av koronaviruset gir Lotteritilsynet midlertidige dispensasjonar frå bingoforskrifta. Tilsynet gir midlertidig dispensasjon frå kravet om at hovudspel også må skje i bingohall for å kunne spelast på nett, og midlertidig dispensasjon frå kravet om personleg oppmøte i den hallen der vedkommande ønsker å delta i hovudspelet.

Stiftelsar

For å avhjelpe dei negative konsekvensane av koronautbrotet har Nærings- og fiskeridepartementet vedtatt ei midlertidig forskrift om unntak frå reglane om fysiske styremøte i stiftelsar.

I vedtektene til mange stiftelsar er det gitt fristar. Dette kan typisk vere at styret eller anna organ i stiftelsen skal halde møte, eller at årsrekneskap skal vere avlagt, innan ein gitt dato. Les her om korleis stiftelsane skal handtere fristane i vedtektene med tanke på dei strenge restriksjonane som gjeld for fysiske møte i og med smitteutbrotet av koronaviruset.

Stiftelsar er som mange andre organisasjonar berørte av tiltaka som er innførte for å handtere koronasituasjonen. Stiftelsestilsynet får nokre henvendelsar om eventuelle tiltak som er sette i verk for å avhjelpe situasjonen. Regjeringa har sett i verk tiltak innanfor fleire område, og vi anbefaler stiftelsene å følge med på informasjon frå offentlege styresmakter over tiltak som blir sette i verk for å avhjelpe situasjonen i dei forskjellege sektorane.

Pengespel

Den nye kvardagen aukar risikoen for speleproblem for mange. Fleire som følgjer problem med spel tett ventar ein vekst. Men det fins hjelp, og her er nokre gode råd. Ikkje bruk pengespel til å gløyme skriv seniorrådgjevar Lars Petter Degnepoll på fagbloggen.

Dei siste vekene har Lotteritilsynet lagt merke til nokre pengespelreklamar og medieoppslag som har gjort oss bekymra. Ikkje fordi dei er direkte ulovlege, men fordi dei framstiller pengespel på ein måte som kanskje er ekstra uheldig akkurat no. Les seniorrådgjevar Trude Felde sin fagblogg om koronakrisa og marknadsføring.

Meld deg på nyheitsbrev her.

Vi oppmodar alle om å følgje råd og pålegg frå styresmaktene. Meir informasjon finn du her: 

www.helsenorge.no

www.fhi.no

www.regjeringen.no

www.helsedirektoratet.no