Arrangørar  i frivillig- og idrettssektoren  som har avlyst, stengt eller utsett arrangement som følge av råd eller  pålegg frå styresmaktene i samband med  koronaviruset  kan  få  kompensasjon, jf. forskrift  om midlertidig kompensasjonsordning for arrangører i frivillighets- og idrettssektoren vedtatt  3. april 2020.

Det er sett av  700 mill. kroner til kompensasjonsordninga for idretten og frivilligheita (inkludert kulturfrivilligheita).  Ordninga blir forvalta av Lotteri- og stiftelsestilsynet. Det blir lagt opp til rask søknadsbehandling og utbetaling av kompensasjonen.

Søknadsfristen var 21. april. Her kan du sjå søknadstal og utvalde nøkkeltal.

Kva som blir kompensert avheng av  om  arrangementet har blitt avlyst,  stengt eller utsett:

  • Arrangørar som  har  avlyst  eller  stengt  sine arrangement som følge av råd eller pålegg frå styresmaktene i samband med   koronaviruset  vil  få kompensert  netto tapte billettinntekter og deltakaravgifter,  samt eventuelle  meirutgifter  som følge av avlysinga  eller stenginga.
  • Arrangørar som har  utsett  sine arrangement som følge av råd eller pålegg  frå styresmaktene i samband med   koronaviruset  vil  få kompensert  eventuelle  meirutgifter  som følge av utsetjinga.

Kven kan  søke om kompensasjon:

  • Arrangørar med hovudverksemd i Noreg.
  • Arrangørar i frivilligheits- og idrettssektoren som var  registrert i  Frivilligregisteret  før 5. mars 2020.   Dersom du ikkje er registrert i Frivilligregisteret skal du søke hos Kulturrådet. Det forutset at arrangøren oppfyller denne ordningas vilkår.
  • Arrangørar som er under  konkursbehandling  kan  ikkje  søke om kompensasjon.

Kva krav må arrangementa som det blir søkt kompensasjon  for  oppfylle:

  • Arrangementet var planlagt arrangert i Noreg i perioden frå og med 5. mars til og med 30. april 2020.
  • Arrangementet ville ha vore opent for ålmenta.

Det kan  ikkje søkast om kompensasjon for  mellom anna:

  • Tapte inntekter frå planlagt sal av mat  og  drikke.
  • Tapte reklame/sponsorinntekter.
  • Kostnader  laget eller organisasjonen hadde hatt uavhengig av  om arrangementet blei  avlyst, stengt  eller utsett.
  • Arrangement som ikkje er opne for ålmenta.
  • Arrangement som  organisasjonen  ikkje sjølv  skulle  arrangere.
  • Tapt  billettinntekt og  deltakaravgift eller meirutgifter som i den gjeldande perioden  samla utgjer mindre enn 25.000 kroner for arrangøren.
  • Arrangører som mottok 60 prosent eller meir av sine inntekter frå offentlege tilskot i 2019, har ikkje rett til kompensasjon etter denne forskrifta.

Alle arrangørar med søknader  som oppfyller ordningas vilkår  vil få kompensasjon. Det blir tildelt kompensasjon éin gong per søkar i gjeldande periode.  Namn på søkar, søknadsbeløp og  beløp  vil  bli  offentliggjort på  Lotteri- og stiftelsestilsynets  nettsider.  Kva opplysningar som skal gis følger av søknadsskjema.  Dokumentasjon  i form av  vedlegg  skal ikkje  vedleggast søknaden,  men kan krevjast lagt fram i ettertid.

Søknadsfristen var 21. april 2020.