Lotteritilsynet betalar no ut andre pulje i krisepakken for arrangørar i frivilligheita som har avlyst, stengt eller utsett arrangement i perioden 5. mars til og med 30.april. Første pulje vart utbetalt 8. mai. 

Ramma på ordninga er 700 millionar, og til saman 2254 søkarar søkte om 372 millionar kroner. 

Fordi søknadsbeløpet ikkje vart større enn ramma for ordninga, vil Lotteritilsynet dele opp utbetalingane for å sørge for at pengane blir utbetalte så raskt som mogleg.  

I andre pulje får 111 søkarar utbetalt nær 77 millionar kroner. I første pulje fekk 1519 søkarar utbetalt over 118 millionar kroner. 1630 søknader er til no utbetalt, 345 avslått, 9 er trekt, og 270 søknader er framleis under arbeid. Utbetaling vil skje i puljer framover. 

Utsending av tilsagnsbrev for saker i pulje to vil starte fredag 22. mai, og søkarane vil motta brevet i organisasjonen sin meldingsboks i Altinn i løpet av nokre dagar. 

Her kan du laste ned oppdatert liste over søkarar (Excel) som har fått utbetalt, avslag, trekt og sakene som framleis er under arbeid. Av søknadane som er klare har 345 fått avslag. Eit fleirtal av desse er under minstegrensa på 25 000 kroner.

Det er også ein del som har fått avslag fordi dei har søkt om å få kompensert andre inntektstap enn tapt billettinntekt og deltakaravgift. 

 

Utvalde nøkkeltal

 

*Søknadsbeløp under en millon viser ikke i grafen.