Det er no opna for å søke kompensasjon for korona-avlyste, utsette og stengde arrangement i frivillig- og idrettssektoren.

På denne sida finn du:

  • Eit rekneark du må fylle ut før du skal fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet.
  • Elektronisk søknadsskjema.

Søknadsfristen var 21. april 2020. Søknadskjema er no tatt ned. Her kan du lese om vilkåra for å søke på ordninga.

Slik gjer du det når du skal søke:

1. Fyll ut reknearket før du går inn i det elektroniske søknadsskjemaet

Før du går inn i det elektroniske søknadsskjemaet må du fylle ut dette reknearket.

I reknearket skal du fylle ut informasjon, budsjett-tal og rekneskapstal. Det gjer du i dei kvite felta i første arkfane. Reknearket vil så gje deg ein samla sum for arrangementet/arrangementa som du skal søke kompensasjon for. Den samla summen du kjem fram til i reknearket skal leggast inn i det elektroniske søknadsskjemaet. Inne i reknearket kan du finne rettleiing til korleis du fyller det ut, samt forklaringar til dei ulike postane du skal fylle ut.

Hugs at du må trykke “Aktivere redigering” når du er inne i skjemaet for å redigere i det. Det er dei kvite cellene du skal fylle ut i. Dei cellene du ikkje skal skrive i vil vere låst for redigering sjølv om du trykker “Aktivere redigering”.

Ikkje kjent i Excel? Du blar i fanene nedst i regnearket.

Slik navigerer du i fanene.

Fanene heiter:

  • Utrekning av søknadsbeløp
  • Rettleiing til utfylling
  • Forklaring til postane

OBS! Du må lagre reknearket og oppbevare det som grunnlag for søknaden. Lotteri- og stiftelsestilsynet vil be om å få sjå reknearket ved spørsmål til søknaden, eller ved ein eventuell etterkontroll.

Her er eksempel på bruk av reknearka:

2. Fyll ut det elektroniske søknadsskjemaet

Når du har fylt ut reknearket er du klar til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. Du loggar inn via ID-porten. Du finn meir informasjon om korleis du opprettar brukar på idporten.no.

Når du har lagt inn organisasjonsnummeret i skjemaet kan du få opp feilmeldinga på bildet under. Då må du trykke “click here” eller “esc-knappen”. Prøv så på nytt. Legg inn organisasjonsnummeret til feilmeldinga forsvinn. Ikkje ver redd for å prøve mange gongar.

Skjermbilde internal error

I søknadsskjemaet skal du legge inn summane frå reknearket. Du skal føre over desse postane frå reknearket til det elektroniske søknadsskjemaet:

  • Post 1: Sum budsjettert billettinntekt .
  • Post 2: Sum faktisk billettinntekt.
  • Post 3: Sum budsjettert deltakaravgift.
  • Post 4: Sum faktisk deltakaravgift.
  • Post 5: Sum budsjettert totalinntekt.
  • Post 6: Sum budsjetterte totalkostnader.
  • Post 7: Sum faktisk totalinntekt.
  • Post 8: Sum faktiske totalkostnader.
  • Post 9: Sum kostnader dekte gjennom andre covid-19-tilskot.
  • Post 10: Sum netto meirutgifter.

OBS!

  • Søknadsskjemaet fungerer ikkje optimalt i enkelte nettlesarar, samt på mobil og nettbrett. Vi anbefaler Windows-brukarar å bruke nettlesarane Chrome eller Edge. Dei som brukar Mac bør bruke Safari eller Chrome.
  • Du kan ikkje mellomlagre når du jobbar i det elektroniske søknadsskjemaet. Det betyr at du må fullføre søknaden når du har starta inne i skjemaet. Ha difor reknearket klart når du skal fylle ut søknadsskjemaet.
  • Sidan dette er ei ekstraordinær ordning, er søknadsskjemaet berre tilgjengeleg på nynorsk.

Når du har sendt inn søknadsskjemaet vil du få ein e-post som stadfestar at vi har mottatt søknaden.

Søknadsfristen er ute og søknadsknappen er tatt vekk.

Har du spørsmål? Vi anbefaler at du ser innom våre spørsmål og svar om ordninga.

Du kan kontakte oss på krisepakke@lottstift.no. Hugs å legge ved telefonnummer slik at vi kan ringe deg ved behov.