Tru ikkje på gull og grøne skogar


Lurer du på å starte med direktesal, eller vil du kjøpe produkt frå direktesal? Lurer du på om dette er lovleg? Eg skal forsøke å gi deg svaret på forskjellen mellom ein ulovleg pyramide og lovleg direktesal.

Hei, eg har blitt kontakta av eit selskap som vil rekruttere meg som medlem, korleis kan eg vere sikker på at eg ikkje bryt lotterilova?

Hei, er dette selskapet lovleg? Eg har ein venn som har blitt medlem og prøver å verve meg, men eg er litt skeptisk og lurer på om det er pyramide?

Slike spørsmål får vi i Lotteritilsynet kvar veke. Vi kan som regel ikkje svare fordi vi ikkje har vurdert selskapet. Vi kan berre gi gode råd om kva du bør vere på vakt for.

Ulovleg pyramide eller lovleg direktesal?

Har du blitt lova gull og grøne skogar på eit vervemøte, berre du kan få med mange nye folk raskt? Skjønte du i tillegg lite eller ingenting av kva du skulle få desse folka med på? Då er mitt råd at du skal halde deg vekke. Då har du truleg blitt forsøkt lokka inn i noko som kan være ein ulovleg pyramide.

Har du blitt introdusert for eit produkt eller ei teneste som du har lyst på, fordi det verkar bra og du får god informasjon frå seljaren? Kunne du tenke deg å selje produktet til andre fordi det er eit godt kjøp, utan krav om medlemskap eller vidaresal.  Då er dette truleg lovleg direktesal. Så lenge eit selskap driv direktesal til forbrukar av for eksempel kosthaldsprodukt, kosmetikk eller støvsugarar, og dette produktsalet er hovudinntekta til selskapet og deira seljarar, så er dette lovleg etter lotterilova.

Kor går grensa?

Direktesal kan organiserast som såkalla nettverksmarknadsføring. Seljarane får då ein bonus på grunnlag av kjøpte produkt og tenester frå gruppa dei har rekruttert inn i selskapet. Slik nettverksmarknadsføring er lovleg så lenge produkta er reelle og har den verdien som er lova, i tillegg til at produktsal skal vere den sentrale delen av verksemda.

Det er først ein ulovleg pyramide dersom over 50 % av inntektene/omsetninga kjem frå verving av nye deltakarar. Inntekter frå verving er for eksempel medlemsavgift og produkt som er prisa for høgt.

Regelen bygger på eit EU-direktiv om urimeleg handelspraksis. Regelen liknar difor mykje på reglane i andre land i Europa. Men det er ikkje mange land som tar tak i selskapa som driv ulovleg. Du kan difor ikkje stole på at det er lovleg sjølv om eit selskap driv verksemd i mange land.

Hold deg innanfor grensa

Blir du lokka av høge inntekter utan særleg innsats? Består arbeidet i å rekruttere nye deltakarar, som igjen skal verve nye deltakarar. Er i tillegg produkta noko du kjøper fordi du må, ikkje fordi du har nytte av dei? Då er det mest truleg eit pyramideselskap og kanskje eit ulovleg pyramideselskap!

Det er ikkje noko godkjenningsordning av direktesalselskap i Noreg.  Lotteritilsynet har tilsyn og kontroll med at regelverket ikkje blir brote. Saker om pyramideverksemd har vist seg å vere veldig komplekse og tidkrevjande. Ein av grunnane er at det ofte er internasjonale selskap som har hovudkontor i eit anna land. Dei har då ikkje eige rekneskap i Noreg, noko som gjer det vanskelegare å få informasjon og dokumentasjon om verksemda.

Det er få tilsynssaker som er handsama av Lotteritilsynet og klageinstansen Lotterinemnda, og det er lite rettspraksis om pyramideselskap. Så eg oppmodar alle til å halde seg godt innanfor den lovlege grensa, ikkje i grenseland.

Relevante lenker

Tilsynssak om World Ventures, der Lotteritilsynet i 2014 vedtok stans av selskapets verksemd i Noreg. Vedtaket er også stadfesta av Lotterinemnda og Oslo byfogdembete.

Selskapet Wealth Masters International måtte etter vedtak frå Lotteritilsynet i 2011 stanse all verksemd i Noreg. Selskapet fekk ikkje medhald i klagen til Lotterinemnda.

Lotterilova.

Direktesalsforbundet.