Søknadsfrist for bingospel frå 1. januar 2018

Dei fleste foreiningar som har inntekter frå bingo ynskjer å vere med i løyve som gjeld frå 1. januar. Det kjem difor mange søknadar om hausten som Lotteritilsynet treng tid til å behandle.

For løyve som skal gjelde frå 1. januar 2018, ber vi om at fullstendige søknader blir sendt til oss så snart som råd og seinast innan 15. oktober 2017.

Søk om bingo via ALTINN

Dette er viktig

  • Vedlegg skal følgje med i søknaden. Det står i søknadsskjema kva vedlegg det gjeld.
  • Lotteritilsynet ber bingoentreprenør presisere ovanfor formåla sine at dei skal sende søknader om løyve via bingoentreprenør.
  • Lotteritilsynet må få melding frå bingoentreprenør/foreiningsbingo dersom bingoverksemda tek slutt før løyveperioden går ut.

Foreiningar kan bli sletta som lotteriverdige organisasjonar

Kvart år misser ein del foreiningar godkjenninga som lotteriverdig organisasjon. Desse foreiningane kan då ikkje lenger ta imot inntekter frå bingo. Dei fleste organisasjonar som blir fråtekne si godkjenning misser den på grunn av manglande innsending av rekneskapsopplysningar til Lotteritilsynet.

Godkjenninga til dei organisasjonar som ikkje har sendt inn rekneskapsopplysningar blir sletta frå 1. oktober 2017. Det betyr at desse foreiningane ikkje vil kunne ta imot inntekter frå bingospel og Belago etter denne datoen.

Vedtak om tilbakekalling blir i desse dagar sendt ut til dei foreiningane det gjeld, med kopi til entreprenør i dei saker det er aktuelt. Organisasjonar som blir sletta som lotteriverdig organisasjon kan søkje om ny godkjenning etter seks månadar.

Formål ved entreprenørbingo

Bingoentreprenører kan ikkje stille som krav at formåla som får deler av overskot på bingo, er medlem av en bransjeorganisasjon for bingoaktørar. Lotteritilsynet har fått fleire meldingar frå formål som føler seg pressa til å vere med i slike organisasjonar for å kunne sleppe inn hos bingoentreprenøren. Det er heller ikkje høve for bingoentreprenør å stille andre krav/vilkår til formåla for å delta i bingospel.

Vi får også mange spørsmål frå formål som ynskjer å delta på entreprenørbingo. Lotteritilsynet oppmodar difor bingoentreprenørene om å rullere på formål som ynskjer å delta ved bingospill. Dette for at flest mogeleg formål skal få inntekter frå overskotet til bingo.

Bingoentreprenører må sjekke at formåla dei søker inn, har aktivitet i det området bingoen ligg. Dette er eit generelt krav som gjeld for alle former for lotteri.

Endring av speleplanar og linker

Når det i løpet av ein løyveperiode blir endring av speleplanar og linksamansetningar, ber Lotteritilsynet om at ein entreprenør har ansvar for å sende inn desse opplysningane for alle som spelar i hallen. Vi treng ikkje same meldinga frå kvar enkelt bingohall/bingoentreprenør.

Nye rekneskapsskjema for foreiningsbingo

Lotteritilsynet har laga nye regnskapsskjema for rapportering frå foreiningsbingo/radiobingo. Alle som skal rapportere for foreiningsbingo skal bruke desse skjemaene.

Du finn oversikt på Lotteritilsynet si skjemaside for lotteri og bingo.

Du kan søkje elektronisk om løyve til bingo via Altinn.

Denne informasjonen blir berre gjort tilgjengeleg på vår nettside, og blir ikkje sendt i posten.