Bingostatistikk 2016

Skriv ut Lytt til teksten

Bingo med entreprenør – tal for første halvår 2016.

Dette er arrangement der profesjonelle entreprenørar driv bingo i eigne lokale, og overfører overskot frå spel til ulike lag og organisasjonar. Oversikten nedanfor er basert på rapporterte data i Lotteriregisteret, med informasjon om bingoentreprenørar som til saman dreiv 227 bingolokale per 30. juni 2016.

Nøkkeltal første halvår 2016 ( millionar kroner) 
Brutto omsetning (inkl. sidespel)1925
- minus gevinstar1537
Netto omsetning =388
- minus administrative kostnader293
Overskot til formål =95
Formåla sin del av brutto omsetning5 %
Formåla sin del av netto omsetning24 %
Gevinstprosent80 %

Entreprenørbingo omsette for 1,9 milliardar kroner første halvår 2016. Til lag og organisasjonar vart det overført 95 millionar kroner eller 5 prosent av brutto omsetning. Gevinstdelen er 80 prosent og formåla sin del av netto omsetning er 24 prosent.

Bingo med entreprenør – nøkkeltal første halvår 2016 (millionar kroner)

Type spelBrutto-omsetn.GevinstGevinst-prosentNetto-omsetn.Til formål - av netto omsetn.
Totalt 1925153780 %3889524 %
Hovudspel56240372 %1782715 %
sidespel - databingo1363113483 %2296930 %
sidespel - papirbingo0.50.360 %0.20.130 %
- sidespel totalt1363113483 %2296830 %

Dei fleste formåla hos bingoentreprenørar har i tillegg inntekt frå Belago-terminalar. Norsk Tippings Belago-terminaler er utplassert i bingolokale, og formålsinntektene går til same formål som har inntekt frå dei andre spela i bingolokalet. Første halvår 2016 fekk formåla 30,6 millionar kroner frå  spel på Belago-terminalar.

Belago-terminalar – nøkkeltal første halvår 2016 (millionar kroner)

Type spelBrutto-omsetn.GevinstGevinst-prosentNetto-omsetn.Til formål - av netto omsetn.
Belago-terminaler1480135892 %12330.625 %

Formåla i entreprenørbingo har dermed fått 125,6 millionar kroner frå entreprenørbingo første halvår 2016 når vi reknar med Belago.