Bingostatistikk første halvår 2016.

Bingo med entreprenør er arrangement der profesjonelle entreprenørar driv bingo i eigne lokale, og overfører overskot frå spel til ulike lag og organisasjonar. Oversikten nedanfor er basert på rapporterte data i Lotteriregisteret, med informasjon om bingoentreprenørar som til saman dreiv 227 bingolokale per 30. juni 2016.

Nøkkeltal første halvår 2016MNOK / %
Brutto omsetning (inkl. sidespel)1925
- minus gevinstar1537
Netto omsetning =388
Overskot til formål =95
Formåla sin del av brutto omsetning5 %
Formåla sin del av netto omsetning24 %
Gevinstprosent80 %

Entreprenørbingo omsette for 1,9 milliardar kroner første halvår 2016. Til lag og organisasjonar vart det overført 95 millionar kroner. Det er 5 prosent av brutto omsetning. Gevinstdelen er 80 prosent og formåla sin del av netto omsetning er 24 prosent.

Bingo med entreprenør – nøkkeltal første halvår 2016

Alle tal i millionar kroner.

Type spelBrutto-omsetn.GevinstGevinst-prosentNetto-omsetn.Til formål - av netto omsetn.
Hovudspel56240372 %1782715 %
Sidespel -
databingo
1363113483 %2296930 %
Sidespel -
papirbingo
0,50,360 %0,20,130 %
- sidespel totalt1363113483 %2296830 %
Totalt -
hovudspel og sidespel
1925153780 %3889524 %
Belago-terminaler1480135892 %12330.625 %

Dei fleste formåla hos bingoentreprenørar har i tillegg inntekt frå Belago. Norsk Tipping sine Belago-terminaler er utplassert i bingolokale.  Formålsinntektene går til same formål som har inntekt frå dei andre spela i bingolokalet. Første halvår 2016 fekk formåla 30,6 millionar kroner frå Belago.

Formåla i entreprenørbingo har dermed fått 125,6 millionar kroner frå entreprenørbingo første halvår 2016 når vi reknar med inntekter frå Belago.

Sjå bingostatistikk for heile 2016.