Bingostatistikk første halvår 2018

Bingo med entreprenør er arrangement der profesjonelle entreprenørar driv bingo i eigne lokale, og overfører overskot frå spel til ulike lag og organisasjonar. Oversikten her er basert på rapporterte data i Lotteriregisteret, med informasjon om bingoentreprenørar som til saman dreiv 228 bingolokale per 30. juni 2018.

Entreprenørbingo omsette for 1,78 milliardar kroner første halvår 2018. Av dette kom ca. 0,53 milliardar frå hovudspel, og 1,26 milliardar frå sidespel. Omsetninga frå sidespiel fordeler seg med 1,25 milliardar frå databingo, og ca. 0,2 millionar frå papirspel.

Det vart det overført 81,3 millionar kroner til lag og organisasjonar. Gevinstandelen er 80,9 % og formålet sin del av netto omsetning er 25,4 %.

Bingo med entreprenør – nøkkeltal første halvår 2018

Alle tal i millionar kroner.

Type spel Brutto-omsetn.GevinstGevinst-prosentNetto-omsetn.Til formål - av netto omsetn.
Hovudspel:53139674,6 %13525 *18,3 %
Sidespel :1249104383,5 %20662 *30 %
Bingo totalt:1780143980,9 %34181,3 **25,4 %
Belago:1757162492,4 %13433,425 %

*  beløp før gebyr for bingoløyve er trekt frå.
** faktisk utbetalt til formål etter fråtrekk av gebyr

Norsk Tipping’s Belago-terminalar er utplassert i bingolokale, og formåla hos bingoentreprenører har også inntekt frå Belago.  Overskotet frå Belago går til dei same formåla som har inntekter frå dei andre spela i bingolokalet.

Første halvår 2018 fekk formåla 33,4 millioner kroner frå Belago. Medrekna inntekter frå Belago har dermed formåla fått 114,7 millioner kroner frå entreprenørbingo i denne perioden.