Rekneskapsrapportering for 2016 – informasjon

Skriv ut Lytt til teksten

Fristen for rapportering for 2016 var 1. juni 2017. 

Organisasjoner som ikkje rapporterte innan fristen har fått tilsendt varsel om vedtak.

Sjekk din rapporteringsstatus

Informasjonsskriv

Last ned informasjon om rekneskapsrapporteringa som PDF-dokument:

Kvifor må eg rapportere rekneskap?

Alle foreiningar som er godkjent som lotteriverdig organisasjon etter lotterilova § 4 må rapportere rekneskap. Lotteritilsynet har gitt dispensasjon frå kravet om rekneskap og revisjonsplikt etter lotterilova. Dette er likevel på vilkår av at organisasjonen årleg rapporterer sentrale rekneskapstal frå årsrekneskapet sitt til Lotteritilsynet på fastsett skjema. Vær merksam på at manglande rapportering fører til at organisasjonen si godkjenning og lotteriløyve blir kalla tilbake/sletta.

Kva skal eg rapportere?

Organisasjonen sine samla inntekter, utgifter og overskot frå eventuelle lotteri/bingo i 2016 skal rapporterast. Plikta til å rapportere gjeld sjølv om foreininga ikkje hadde lotteri eller bingo i fjor. Vidare ber vi om ein kort oversikt av korleis lotteriinntektene vart disponert i rekneskapsåret. Ved avvikande rekneskapsår, skal du rapportere frå rekneskapet som vart avslutta i 2016.

Korleis skal eg rapportere?

  • Lotteritilsynet oppmodar alle organisasjonane om å rapportere elektronisk.
    Det skjer via Altinn-portalen.
Rapportér rekneskap via ALTINN
  • Alternativt kan du laste ned førehandsutfylt papirversjon av skjema som du finn i skjemabanken vår.

Hugs: Du skal ikkje sende inn andre dokument enn ferdig utfylt rekneskapsskjema.

Får eg tilbakemelding?

På nettsida vår kan du finne ut om rekneskapsopplysningane er registrert hos oss. Ved elektronisk rapportering via Altinn får du straks kvittering etter at opplysningane er registrert og sendt. Vidare vil rekneskapsdata på nettsida vår vere oppdatert dagen etter. Vi gjer merksam på at ved rapportering med papirskjema, kan det ta inntil to veker før rekneskapsdatabasen er oppdatert og du vil få kvitteringsbrev.

Sjekk status når det gjeld levert/ikkje levert rekneskap for 2016 for din organisasjon.

Kven i organisasjonen kan rapportere?

Den som er registrert i Enhetsregisteret som dagleg leiar eller er styremedlem i organisasjonen, har fullmakt til å levere elektronisk skjema gjennom Altinn.  Dagleg leiar/styreleiar for organisasjonen kan delegere fullmakt. Endring av opplysningar, må rettast til Brønnøysundregistra på www.brreg.no eller tlf. 75 00 75 00. Det er viktig at opplysningar om organisasjonen til ei kvar tid er korrekte i Enhetsregisteret i Brønnøysund.

Har du spørsmål om bruk av Altinn?

Dersom du er ukjend med bruk av Altinn-portalen anbefaler vi www.altinn.no,
eller Altinn brukarservice: tlf. 75 00 60 00, for informasjon om pålogging og elektronisk rapportering.

Treng du tips og hjelp?

Då kan du ringe vår servicetelefon for lotteriverdige organisasjonar:  tlf. 57 82 80 32 eller 992 84 345.
Ta kontakt dersom du treng rådgjeving til bilagsføring, avstemming og oppsett av ryddig og oversiktleg årsrekneskap.