Godkjende lotteriverdige organisasjonar skal kvart år levere rekneskapsopplysningar. Frist for rapportering for 2020 er 1. juni 2021. 

Alle organisasjonar som er godkjende som lotteriverdige organisasjonar skal rapportere rekneskap til Lotteritilsynet ein gong i året. Det gjeld uansett om organisasjonen har hatt inntekt frå lotteri og bingo eller ikkje. Manglande rapportering kan føre til at godkjenninga blir sletta.

Informasjonsskriv

Vi har sendt ut informasjonsskriv til alle lotteriverdige organisasjonar.

Kvifor må eg rapportere rekneskap?

Alle foreiningar som er godkjent som lotteriverdig organisasjon etter lotterilova § 4 må rapportere rekneskap. Lotteritilsynet har gitt dispensasjon frå kravet om rekneskap og revisjonsplikt etter lotterilova. Dette er likevel på vilkår av at organisasjonen årleg rapporterer sentrale rekneskapstal frå årsrekneskapet sitt til Lotteritilsynet på fastsett skjema. Vær merksam på at manglande rapportering fører til at organisasjonen si godkjenning og ev. lotteriløyve blir kalla tilbake/sletta.

Kva skal eg rapportere?

Organisasjonen sine samla inntekter og utgifter i 2020 skal rapporterast. I tillegg skal overskot frå eventuelle lotteri/bingo spesifiserast i skjemaet. Plikta til å rapportere gjeld sjølv om foreininga ikkje hadde lotteri eller bingo i fjor. Vidare ber vi om ein kort oversikt av korleis lotteriinntektene vart disponert i rekneskapsåret. Ved avvikande rekneskapsår, skal du rapportere frå rekneskapet som vart avslutta i 2020.

Korleis skal eg rapportere?

Lotteritilsynet oppmodar alle organisasjonane om å rapportere elektronisk via ALTINN-portalen.

Alternativt kan du laste ned førehandsutfylt papirversjon av skjema.

Fristen for å rapportere rekneskapssåret 2020 er 1. juni 2021. 

Får eg tilbakemelding?

På nettsida vår kan du finne ut om rekneskapsopplysningane er registrert hos oss. Ved elektronisk rapportering via Altinn får du straks kvittering etter at opplysningane er registrert og sendt. Vidare vil rekneskapsdata på nettsida vår vere oppdatert dagen etter. Vi gjer merksam på at ved rapportering med papirskjema, kan det ta inntil to veker før rekneskapsdatabasen er oppdatert og du vil få kvitteringsbrev.

Her kan du sjekke om din organisasjon har levert rekneskapsrapport for 2020.

Kven i organisasjonen kan rapportere?

Den som er registrert i Enhetsregisteret som dagleg leiar eller er styremedlem i organisasjonen, har fullmakt til å levere elektronisk skjema gjennom Altinn.
Dagleg leiar/styreleiar for organisasjonen kan delegere fullmakt. Endring av opplysningar, må rettast til Brønnøysundregistra på www.brreg.no eller tlf. 75 00 75 00. Det er viktig at opplysningar om organisasjonen til ei kvar tid er korrekte i Enhetsregisteret i Brønnøysund.

Har du spørsmål om bruk av Altinn?

Dersom du er ukjend med bruk av Altinn-portalen anbefaler vi www.altinn.no,
eller Altinn brukarservice: tlf. 75 00 60 00, for informasjon om pålogging og elektronisk rapportering.