Svindel med lotteri
Lotteritilsynet åtvarar
Lotteritilsynet får jamnleg spørsmål frå nordmenn som har fått e-post, brev eller SMS med melding om at dei har vunne store beløp i utanlandske lotteri. Dette er rein svindel.
Forsøk på bedrageri
Desse forsøka på bedrageri kjem frå selskap i utlandet, ofte frå Nederland og Spania, og er ei vidareutvikling av dei såkalla ‘Nigeriabreva’. Personane som står bak desse selskapa kan ha ulike motiv med denne verksemda, som til dømes:
- dei er berre ute etter å lure pengar frå folk ved at ein må betale såkalla ‘gebyr/avgifter/transaksjonskostnader’ før ein kan få overført ‘gevinsten’
- dei ber om opplysningar som t.d. namn, fødselsnummer, adresse, kort- og kontonummer for å kunne tappe kontoen for pengar, eller
- dei kan vere ute etter å stele identiteten til personar som måtte gje ut slik informasjon om seg sjølv
La vere å svare
Vi åtvarar folk mot å svare på denne typen meldingar. Dersom nokon likevel ønskjer å kontakte selskapa bak slike meldingar, bør ein merke seg følgjande:
- hugs at du aldri kan vinne i eit lotteri som du ikkje har delteke i
- godkjende lotteri krev aldri at vinnarar må betale noko som helst for å få ut gevinsten
- gje aldri opp personnummer, konto- eller kortnummer
- betal aldri pengar til desse selskapa
- opprett gjerne ein eigen e-post konto for slike kontaktar
Meir informasjon
Du finn meir informasjon om svindel med lotteri på fleire ulike nettsider, her er lenke til nokre av dei:
- FraudWatch International. Denne nettsida innheld ei liste over selskap/lotteri som driv med denne typen svindel. Ver likevel merksam på at desse listene fort blir utdaterte fordi selskapa/lotteria ofte skifter namn.
- Økokrim si nettside
- Forbrukertilsynet si nettside (søk på ordet “lotteri” i fritekstfeltet)