Basar er den enklaste forma for lotteri. Basarar skal ikkje meldast til Lotteritilsynet.

  • De kan halde basar utan løyve når inntektene går til eit bestemt formål. Arrangementet må gjennomførast i løpet av ein dag, og det er ikkje lov til å selje lodd på førehand.
  • Kvart lodd kan ikkje koste meir enn fem kroner. Verdien av den einskilde gevinst kan ikkje vere over 8000 kroner rekna etter vanleg utsalspris.
  • Samla gevinstverdi for kvar basar må ikkje vere meir enn 40 000 kroner.
  • Gevinstane må trekkjast samla og når loddkjøpar er til stades. Dette betyr at loddsal og trekning må skje på same arrangement.
  • Det er ikkje lov å selje lodd på førehand av eit arrangement der det blir gjennomført ei trekning.
  • Du kan ikkje overlate gjennomføring av basaren til medhjelpar mot betaling.
  • Lynlotteri (t.d. i form av kakelotteri) blir under desse føresetnadane rekna som basar.

 

Har du spørsmål?  Ta kontakt.