Fleire offentlege skular, skuleklassar og foreldrearbeidsutval får avslag når dei melder inn smålotteri til Lotteritilsynet. Inntektene fra lotteriet er planlagt å gå til klasseturar, leiropphald og sosiale tiltak for klasse og/eller skule. Lotterilova gir ikkje rom for å godkjenne slike lotteri.

Krav til å vere frivillig- eller humanitær organisasjon

Lotterilova seier at det er organisasjonar som er godkjende som lotteriverdige som kan arrangere smålotteri (med omsetning inntil 200 000 kroner). I tillegg kan også frivillige og humanitære organisasjonar arrangere slike lotteri. Det er då eit krav at inntektene frå lotteriet ikkje skal gå til kommersielle eller offentlege føremål.

Offentlege skular

Ein offentleg skule, skuleklasse, foreldrerådets arbeidsutval og andre grupperingar der aktiviteten blir definert gjennom skulelova, blir ikkje bli vurdert som frivillige organisasjonar.

17. mai-arrangement

Det einaste unnataket frå denne regelen er smålotteri til inntekt for 17.mai-arrangement. Alle inntektene frå lotteriet skal då gå til avvikling av arrangementet i seg sjølv, og ikkje til andre føremål i, eller i regi av, skule, skuleklasse og foreldrerådets arbeidsutval. Smålotteri med dette føremålet må også meldast inn til oss.

Grunngjeving

Grunnen til at inntekter frå lotteri ikkje skal gå til offentlege institusjonar er at lotterilova tar sikte på å kanalisere midlar frå slike aktivitetar til humanitære føremål og til det frivillige organisasjonslivet i Noreg. Offentlege budsjetterte institusjonar får difor ikkje høve til å arrangere slike lotteri.

Basar/lynlotteri

Vi gjer merksam på at offentlege institusjonar likevel kan arrangere basar/lynlotteri. Dette er ein situasjon der loddkjøpar med ein gong etter loddkjøp, eller i løpet av arrangementet loddet blir selt under, seinast i løpet av ein dag, får vite resultatet av trekninga. Her er det ein føresetnad at pris per lodd ikkje er over fem kroner. Enkeltgevinstar kan heller ikkje ha større verdi enn 8000 kroner, og samla gevinstverdi skal ikkje overstige 40 000 kroner. Basar/lynlotteri skal ikkje meldast inn til Lotteritilsynet.