I følge forskrifta § 3 tredje ledd bokstav d) blir det ikkje gitt kompensasjon for meirverdiavgiftskostnader til verksemd som kjem ein lukka krets til gode, gir privatøkonomiske fordeler eller dekker det som normalt blir rekna for å vere kostnader av privat karakter.

Lukka krets

Det blir ikkje gitt kompensasjon til verksemd som kjem ein lukka krets til gode. Verksemd som i for stor grad ivaretek interessene til, eller kjem ei for snever gruppe av personar til gode, blir sett på som ein lukka krets og skal ikkje motta kompensasjon. Verksemd som ivaretar interessene til ein lukka krets fremjer ikkje frivillig aktivitet. Det vil også ofte vere for tett knyting mellom den frivillige innsatsen og gjenytingar i ein lukka krets.

Privatøkonomiske fordeler

Ordninga skal sikre at midlane kjem reell frivillig verksemd til gode, og det blir ikkje gitt kompensasjon til verksemd som gir privatøkonomiske fordeler eller dekker det som normalt blir rekna for å vere kostnader av privat karakter. Organisasjonar som arbeider for medlemene sine privatøkonomiske interesser kan ikkje motta kompensasjon.

Her er nokre eksempel på kostnader som normalt blir rekna for å vere av privat karakter:

  • Kostnader til vedlikehald og snøbrøyting av private vegar.
  • Kostnader til antenneanlegg, garasjer, vatn og kloakk.
  • Kostnader til vedlikehald av fellesareal knytt til bustad, hytter, kolonihagar og liknande. Vedlikehald av friareal og fellesareal som er tilgjengeleg for ålmenta er i utgangspunktet kompensasjonsberettiga, for eksempel leikeplassar og parkområde.
  • Kostnader i samband med å eige og drifte ein båt, her også kostnader knytt til å tilby båtplass til medlemer. Båtforeiningar som legg til rettes for aktivitet i sjøen ved at ikkje-medlemer også kan bruke området kan få kompensasjon til kostnader som ikkje er knytt til å tilby båtplass til medlemer, for eksempel kostnader til arrangement, klubbhus og gjestebrygge. Kostnader knytt til eigen privat rekreasjon er ikkje kompensasjonsberettiga, men å utøve ein idrett til sjøs, blir normalt sett på som ikkje å vere kostnader av privat karakter.
  • Kostnader knytt til jakt- og fiskeløyve.
  • Kostnader til behandlingsreiser.
  • Kostnader til ferieliknande reiser (weekendturar, handelsturar, sommarturar, sydenturar, medlemsturar, m.m.)

Kostnader skal trekkast frå

Kostnader av privat karakter skal trekkast frå søknadsgrunnlaget i si heilheit. Eigenandelar kan vere ein indikasjon på at ein kostnad er av privat karakter. Forvaltningspraksis har vore at kostnader av privat karakter som blei dekka av eigenandelar ikkje blei vurdert som foreiningen sin kostnad, og var dermed ikkje kompensasjonsberettiga. Lotterinemnda har vurdert at eigenandelar må sjåast på som ein del av finansieringa av foreininga sine kostnader, men er ikkje avgjerande for vurderinga av om ein kostnad er av privat karakter eller ikkje. Det betyr at praksis på dette feltet er endra, og at kostnader av privat karakter skal trekkast frå søknadsgrunnlaget i si heilheit, uavhengig av finansieringa.

Organisasjonen må kunne dokumentere at kostnader det blir søkt om kompensasjon for, er til bruk i den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av verksemda.