Møt folka våre: Slik jobbar Marianne, Justin og gjengen for å hjelpe frivilligheita

Då Marianne Alværen Torset var på jobbjakt ønskte ho seg eit sterkt fagmiljø. Det fekk både ho og Justin Mulindabigwi på avdelinga for frivilligheitsstøtte i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

– Dei aller kjekkaste dagane på jobb er når vi ser at vi lykkast. Når vi ser at jobben vi har gjort, gjer det enkelt for brukarane. Når vi får tilbakemeldingar frå frivilligheita, som takkar for at vi hjelper dei.

Det seier Marianne Alværen Torset som er utdanna siviløkonom frå Norges handelshøyskole. Etter å ha jobba som revisor i KPMG i Bergen etter studia, ville ho og familien heim til Sunnfjord i 2016.

– Eg visste at eg treivst veldig godt med eit større kompetansemiljø, så eg var på jakt etter det då eg skulle finne ny jobb. Då eg såg utlysinga på tilskotsområdet i Lotteri- og stiftelsestilsynet, var det kunnskapsmiljøet eg blei tiltrekt av. Det opna seg raskt mange moglegheiter undervegs. Eg oppdaga ganske fort at det ikkje var ein jobb med tradisjonell saksbehandling, fortel Marianne.

Avdelinga har ansvar for å forvalte tilskot til frivillig sektor, gjennom mange ulike ordningar.

– Kvardagen er prega av moderne tilskotsforvaltning. Det vil seie at vi jobbar med risiko- og vesentlegheitsvurderingar, for å bruke resurssane der risikoen er høgst. Det er kjekt å få bruke utdanninga og erfaringa frå revisjon direkte i jobben.

Ulike vegar inn i tilsynet

Ein av kollegaane til Marianne er Justin Mulindabigwi. Han har jobba på her sidan 2010, og fortel at motivasjonen er like stor no, som då han starta.

– Eg har gode kollegaer rundt meg som er enkle å samarbeide med. Eg har arbeidsoppgåver som eg synest er spennande og givande. Eg trivst rett og slett veldig godt, fortel Justin.

Justin trivst godt i rolla som rådgivar og saksbehandlar. – Arbeidet mitt inneber saksbehandling, klagebehandling og etterkontroll. Som rådgivar hjelper eg blant anna frivillige organisasjonar med å forstå regelverket. Det er varierte arbeidsoppgåver, seier han.

Vegen hans til jobben i tilsynet, skil seg frå dei fleste andre. Frå jobb i Finansdepartementet i Rwanda, til å vere på flukt frå krig i nesten ti år og til tre år på asylmottak i Sogndal.

– Eg hadde ein nabo i Førde som jobba her, og han tipsa meg om at det var ei ledig stilling. Så søkte eg på jobben, då eg var i mitt siste semester i bachelorgraden i økonomi- og administrasjon på Høgskulen på Vestlandet, fortel Justin.

I tillegg har han ein bachelorgrad i finanskontroll frå Rwanda.

– Utdanninga mi rettar seg i all hovudsak mot å føre kontroll og forvaltning med offentlege midlar. Det passar godt med arbeidet Lotteri- og stiftelsestilsynet gjer. Eg har alltid ønskt å jobbe statleg, seier Justin.

Nye løysingar i ekspressfart

Då Marianne begynte, jobba ho med ordinær søknadsbehandling det første halvåret.

– Etter det jobba eg vidare med forbetringstiltak, både for å forenkle for søkarane og for å effektivisere tilskotsforvaltninga.

Etter kvart har ho jobba mykje med utviklingsprosjekt. I starten av koronapandemien i 2020 fekk Lotteri- og stiftelsestilsynet ansvaret for å forvalte krisepakkar til frivilligheita. Desse er eit døme på korleis avdelinga jobbar frå start til slutt med ordningane: Frå å gi innspel i regelverksarbeidet til Kultur- og likestillingsdepratementet, til dei tekniske løysingane i søknadsskjemaa og for fagsystema våre, til å saksbehandle søknadane og å gjennomføre utbetalingar.

– I slike prosessar jobbar vi med alt frå brukargrupper frå frivilligheita, til direkte dialog med utviklarane som i dette tilfellet sat i Finland. Vi drodlar saman, for å finne gode løysingar som gjer at vi kan utforme systema slik at dei både er brukarvennlege, og slik at det effektiviserer og forbetrar kvaliteten på saksbehandlinga vår, forklarer Marianne.

– Dei aller kjekkaste dagane på jobb, det er når vi ser at vi har lykkast. Når vi til dømes lanserer eit nytt søknadsskjema, og får tilbakemelding frå brukarane om at dette var enkelt. Det å få tilbakemelding om at noko ein har jobba med i lang tid fungerer, det er det beste. Då ser vi verkeleg at det vi gjer betyr noko for frivilligheita, seier Marianne Alværen Torset.

I arbeidet med utviklinga av koronaordningane, har læringskurva vore bratt.

– Det har vore mykje nybrottsarbeid. Ting har gått i ekspressfart. Vi har verkeleg sett betydninga av det vi gjer, i endå større grad enn vi gjer til vanleg. Det har vore eit behov for å få pengar ut raskt, og det er noko vi verkeleg har jobba for å få til. Det har vore veldig utviklande både for avdelinga og på eit personleg plan, seier Marianne.

Sjekkar at pengane kjem rett

No om dagen jobbar Justin med etterkontroll av dei som fekk tilskot gjennom krisepakkeordningane i 2020.

– I etterkontrollane ser vi om det er nokon som har fått pengar dei ikkje har rett på. Frivillige organisasjonar treng ikkje å sende dokumentasjon når dei søker om støtte, då ordninga er tillitsbasert. I ettertid gjer vi derfor ei risikovurdering av nokon av søknadene, der vi samanliknar inntekter og søknad om kompensasjon, fortel Justin.

Gjennom arbeidet med koronaordningane har avdelinga starta eit samarbeid med Økokrim, fortel Marianne.

– I samarbeidsmøte kan vi få råd om saker bør bli tatt vidare i eit forvaltningsspor eller eit straffespor. Dette er samarbeid som vil bli nyttig for oss også framover. Det handlar både om førebygging, og å avdekke misbruk av ordningane. Viss vi avdekker bedrageri kan vi både krevje pengane tilbakebetalt og melde forholdet, slik at det kan forfølgast strafferettsleg, forklarer ho og legg til:

– Heldigvis er vår erfaring at det er få som forsøker å utnytte ordningane vi forvaltar.

Dette jobbar avdelinga for frivilligheitstøtte med
  • Avdelinga for frivilligheitsstøtte har ansvar for å forvalte tilskotsordningar til frivillig sektor. Blant anna gjeld det momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar, og speleoverskotet til Norsk Tipping.
  • Vi forvaltar momskompensasjon for idrettsanlegg og fører tilsyn med grasrotmottakarar.
  • Under koronapandemien har vi ansvar for støtteordningar for frivilligheits- og idrettssektoren. Dette inneber midlertidig tilskot til frivilligheitssektoren og tilskotsordning for publikumsarrangement av nasjonal verdi i idrettssektoren. Begge ordningane dekker inntektsbortfall, i tillegg til meirkostnadar som følge av råd, anbefalingar eller pålegg frå myndigheitene.
  • Nyleg fekk vi ansvar for kompensasjonsordninga for kultursektoren. Denne ordninga har som formål å kompensere arrangørar og underleverandørar i kultursektoren for tap knytt til avlyste, stengte eller nedskalerte kulturarrangementet som følge av covid-19-utbrotet.
  • I 2021 fordelte vi totalt om lag 4,3 milliardar kroner til frivilligheita.

Avdelinga har 16 tilsette.

Nye oppgåver i 2022

I 2021 fordelte avdelinga for frivilligheitstøtte om lag 4,3 milliardar kroner til frivilligheita.

– Arbeidet med å forvalte statlege midlar er viktig for å dra frivillig sektor vidare. Det synest eg er givande, seier Justin.

Det er Marianne einig i. Også ho trekker fram samfunnsoppdraget som motiverande.

– Det har motivert meg heile tida, men det har blitt meir og meir forsterka. Det å bidra til å gjere det enkelt for frivilligheita å søke og motta midlar, er viktig for å sikre ei sterk frivilligheit. Ting står absolutt ikkje stille, og det er både kjekt og motiverande, forklarer ho.

No skal dei to og resten av kollegaene i avdelinga for frivilligheitstøtte ta fatt på endå fleire oppgåver. Det er nemleg bestemt at vi skal forvalte tilskot til alle landets frivilligsentralar. I tillegg skal vi forvalte kompensasjonsordninga for arrangørar og underleverandørar i kultursektoren i 2022 . Ordninga skal kompensere for tap knytt til avlyste, stengte eller nedskalerte kulturarrangementet som følge av koronapandemien.

I tillegg kjem ei ny ordning innan inkludering og mangfald.

– Det blir ei heilt ny ordning, som har ein litt anna prosess enn det vi har vore borte i før. Det er spennande å vere med i regelverksarbeidet, for å tilrettelegge for at det skal bli enkelt for søkarane. Det er eit heilt apparat som skal på plass for å forvalte ei ny ordning frå a til å. No har vi fått mykje, god erfaring frå arbeidet med krisepakkane, som vi tar med oss i inn i dette. Ikkje minst frå dei nye, digitale løysingane vi har laga, seier Marianne.