Møt folka våre: Karsten og Lena rettleiar norske stiftelsar: – Gler meg til å gå på jobb kvar dag

Karsten Karlsen Sunde og Lena Rebecka Wiström Vefring jobbar begge som juristar i Stiftelsestilsynet, der dei driv med tilsyn og kontroll med stiftelsane i Norge.

Med ei fortid i både Deliotte, PwC og Finansdepartementet er Karsten no inne i sitt åttande år som jurist i Stiftelsestilsynet. Det trivst han godt med.

– Eg gler meg til å gå på jobb kvar dag, seier han.

I motsetning til Karsten, gjekk Lena rett frå å vere ferdig med ein master i rettsvitskap ved Universitet i Oslo, til jobb som sommarvikar i Stiftelsestilsynet. Derfrå gjekk vegen inn i eit vikariat, som førte til fast stilling for eitt år sidan. No har ho jobba her i tre år, og arbeider i dag med å behandle søknadar frå stiftelsar.

– I tillegg til å behandle søknadar, driv eg med rettleiing av stiftelsar. Den type forvaltning vi driv med består mykje av skjønnsmessige vurderingar. Det er som oftast ikkje eit ja- eller nei-svar når vi vurderer søknadar. At eg får bruke jussen i praksis på denne måten likar eg veldig godt, fortel Lena.

Givande å vere hjelparens hjelpar

Arbeidet med å rettleie stiftelsar er meir enn berre å anvende jussen. Lena trekker fram meiningsfulle arbeidsoppgåver som ein viktig faktor for at ho trivst godt i arbeidskvardagen.

– Stiftelsar har alle typar formål, og dei driv med mykje godt, som velgjerande formål. Det er givande å tenke på at rettleiinga vi gir skal hjelpe stiftelsar med å realisere formålet, seier Lena.

– Det er ein styrke at vi har eit større fagmiljø på huset, på tvers av avdelingane, seier Lena Rebecka Wiström Vefring.

Stiftelsestilsynet sitt samfunnsoppdrag er å trygge norske stiftelsar, gjennom aktivt tilsyn, men også gjennom god og riktig rettleiing.

Ein stiftelse er kort sagt ei driftsform eller ei selskapsform, altså ein måte å drive noko på. Vi seier at det er formålet som eig stiftelsen. Derfor er det eit stort ansvar å forvalte regelverket på ein så god måte som mogleg, slik at midla går til det som er formålet.

– Nokon få ønsker å disponere pengane til eigen fordel. Då må vi prøve å finne ut kven dette er, både med analyse av data og godt samarbeid med andre aktørar. Desse er og interessante for politiet, og det kraftigaste verkemiddelet vi har er at vi kan avsette styremedlemmane i desse stiftelsane, fortel Karsten.

Han understrekar at dette gjeld dei færraste stiftelsane.

– Dei aller fleste stiftelsane vil gjere ting riktig, men manglar kunnskap til å gjere det riktig. Til dømes sjekkar vi korleis stiftelsar realiserer formålet sitt, slik at mest mogleg av midla i stiftelsane går til formålet, fortel Karsten og held fram:

– Her hjelper vi dei ved at vi gir rettleiing til korleis dei kan profesjonalisere arbeidet med formålsrealiseringa. Vi ønsker ikkje å fortelle kva dei må gjere, men heller gi rettleiing og oppmoding til korleis ting kan bli gjort. Dette gjer vi gjennom direkte kontakt med stiftelsane og gjennom informasjon på nettsidene våre, seier Karsten.

Karsten bur med kona, deira fire barn og to kattar på eit lite gardsbruk på Sande, rett utanfor Førde. I den raude fjøset øvst på bildet husar han i tillegg 19 sauer. Foto: Karsten Karlsen Sunde.

Låg terskel for å rope gjennom veggen

Karsten og Lena er ikkje åleine i arbeidet. I Stiftelsestilsynet er det totalt 16 kollegaer med forskjellig kompetanse og bakgrunn. At det er fleire som jobbar med same type oppgåver trekker Karsten frem som eit stort pluss.

– Eg sparrar mykje med kollegaene mine. Vi har ein kultur der det er veldig enkelt å spørre kvarandre. Ein blir betre desto fleire som engasjerer seg og kjem med innspel.

Også Lena verdset at det er kultur for samarbeid. Ho skildrar kollegaene sine som veldig engasjerte og sterke på faget sitt, men også som gode hjelparar.

– Viss det dukkar opp noko uføresett, så er folk veldig flinke til å hjelpe til, slik at vi klarer å levere på det vi skal, seier Lena.

Dette jobbar Stiftelsestilsynet med
  • Tilsyn med alle stiftelsane i Norge.
  • Behandlar søknadar om å opprette, endre eller avvikle stiftelsar.
  • Nasjonalt og internasjonalt samarbeid med andre tilsynsorgan.
  • Nokre andre avgrensa område, som gjeld dekningslova, arvelova og samvirkelova.

Stiftelsestilsynet blei oppretta 1.januar 2005 og består i dag av 16 tilsette.

Fleire fagelt under ein paraply

At Lotteri- og stiftelsestilsynet består av tre ulike avdelingar med forskjellige fagfelt trekker Karsten frem som ein styrke.

– Ikkje berre har vi folk med ulike kompetanse her i Stiftelsestilsynet. Vi har også mange med ulik kompetanse og bakgrunn som jobbar med mange av dei same spørsmåla, i dei andre avdelingane våre. Vi jobbar stadig med å lære endå meir av kvarandre på tvers, fortel Karsten.

Han får støtte frå Lena:

– Det er ein styrke at det er fleire fagfelt under ein paraply. Det betyr jo større fagmiljø og litt fleire område som du får kjennskap til, og som du får eigarskap til sjølv om du ikkje jobbar direkte med det.

Karsten Karlsen Sunde er glad i å vere på fjellet. Her på skitur i Årbergsdalen, rett ovanfor Årbergsdalen skisenter i Sunnfjord. Foto: Karsten Karlsen Sunde