Forslag til endringar i regelverket om forbod mot betalingsformidling for pengespel utan norsk løyve er sendt på høyring 20. april 2018.

Forslag

Dei viktigaste forslaga til endringar er:

  • Tydeleggjere at dette er eit generelt forbod om at foretak som yter betalingstenester i Norge skal stanse alle betalingstransaksjonar som er knytt til pengespel som ikkje har løyve i Norge.
  • Presisere at Lotteritilsynet har heimel til å vedta å avvise betalingstransaksjonar til og frå foretak som gjennomfører betalingstransaksjonar på vegner av pengespelselskap og ikkje berre betalingstransaksjonar direkte til og frå pengespelselskap.
  • Lotteritilsynet kan gjere vedtak om å avvise betalingstransaksjonar identifisert med namn på pengespelselskap eller andre foretak som gjennomfører betalingstransaksjonar på vegner av pengespelselskap.
  • Ny bestemmelse om opplysningsplikt for bankar og andre foretak som yter betalingstenester i Norge til Lotteritilsynet. Opplysningsplikta skal omfatte opplysningar om nye kontonummer knytt til Lotteritilsynets vedtak og opplysningar om transaksjonar bankane har stansa frå foretak som formidlar betaling knytt til pengespel som ikkje har løyve i Norge.

Les heile høyringsbrevet.

Sjå gjeldande forskrift

Høyringsfrist

Høyringa er sendt ut på oppdrag frå Kulturdepartementet, og høyringsuttalar skal sendast Lotteritilsynet innan 15. august 2018.

Be om innsyn i mottatte høyringssvar.

Les også om Lotteritilsynets arbeid med betalingsformidlingsforbodet.

Lotteritilsynets innstilling

NB: Teksten i dette avsnittet er lagt til i mars 2019. 

Lotteritilsynet sendte si innstilling til Kulturdepartementet om endringar i betalingsformidlingsforskrifta 25. februar 2019.

Innstilling om endringar i forskrifta les du her.