Stiftelsen sine beslutningsprosessar og dokumentasjon har ikkje vore god nok konkluderer Stiftelsestilsynet i sin tilsynsrapport.

Dette gjeld både for manglande styring og kontroll av stiftelsens prosessar og tenestekjøp. Det tidlegare styret er gått av og det nye styret har retta opp i desse forholda.

Stiftelsestilsynet har også vurdert at godtgjersla til dei to tidlegare daglege leiarane har vore urimeleg høg, men ikkje i ein slik grad at midlane kan krevjast tilbakebetalt. I grunngjevinga i rapporten er det lagt vekt på bruken av midlanes nære samanheng med stiftelsens interesser og økonomiske bærekraft, og at det ikkje har vore noko form for urimelig påverknad ved fastsettinga.

-Vi meiner at lønningane har vore høge sett i samanheng med stiftelseslovas krav og nivået i andre samanliknbare organisasjonar. Eit anna spørsmål er om Stiftelsestilsynet kan krevje midlane tilbakebetalt, og det har vi ikkje funne grunnlag for i denne saka, seier avdelingsdirektør Siw Heggedal Longvastøl.

Ein gjennomgang av ulik dokumentasjon som omhandlar transaksjonane gir heller ikkje haldepunkt for å fastslå ulovlege utdelingar blant stiftelsens tenestekjøp, med unnatak av nokre få høge påslag for reisetenester. Dette gjeld i utgangspunktet eit mindre identifisert beløp.

-I hovudsak har saksgrunnlaget vist at desse strukturane har vore innanfor gjeldande rammer, og dei manglar som står igjen er Stiftelsen Fyrlykta sjølv bedd om å følgje opp, seier Longvastøl.

Fyrlykta har allereie gjort forbetringsarbeid for internkontroll i stiftelsen. Det kom til eit nytt styre i fjor haust, som har fått utført større tiltak for kvalitetssikring. Avtalar med Elukaar og Interpharus er sagt opp. Løn til ny dagleg leiing vil bli fastsett i tråd med stiftelseslova, og elles er dei fleste forhold endra for å vere i samsvar med lovverket.

Det var i juni 2017 Stiftelsestilsynet åpna tilsynssak mot Fyrlykta på bakgrunn av informasjon gjennom media, dialog med Bufdir, rapport fra Deloitte og eigen kartlegging.

Les heile tilsynsrapporten.

For meir informasjon eller spørsmål kontakt seniorrådgivar May Helen Vik på telefon 906 49 003 eller e-post: mvi@stiftelsestilsynet.no.