Endringar i betalingsformidlingsforbodet skal gjere arbeidet med å stoppe pengeoverføringar til og frå utanlandske pengespelselskap meir effektivt.

Rundt 250 000 nordmenn spelar pengespel hos utanlandske pengespelselskap. Dette er selskap som ikkje har løyve til å marknadsføre eller tilby pengespel i Noreg.

Betalingsformidlingsforbodet er eit av tiltaka som skal stoppe desse spelselskapa, og jamfør forbodet skal norske bankar stoppe pengeoverføringar til og frå spelselskapa.

– Grunnmuren i den norske pengespelmodellen er å beskytte sårbare grupper mot å bli speleavhengige, seier Rannveig Gram Skår, rådgjevar og jurist i Lotteritilsynet.

Omgår regelverket

Lotteritilsynet anslår at det går ca. 6 milliardar kroner frå nordmenn til pengespelselskapa som ikkje har løyve til å tilby spel i Noreg. Bankane har allereie system for å stogge innskot til pengespel, men sidan spelselskapa omgår dette ved å bruke andre aktørar til pengeoverføringane og kallar det noko anna enn pengespel, blir ikkje desse transaksjonane stogga.

Dette viser at det framleis er stort volum på transaksjonane til og frå utanlandske pengespelselskap, sjølv om betalingsformidlingsforbodet kom i 2010.

– Vi ser effekt av arbeidet vi gjer i dag, men formålet med endringane er å gjere betalingsformidlingsforbodet meir effektivt.

Nye verkty

Endringane i forskrifta trer i kraft 1.januar 2020. Då kan Lotteritilsynet avvise transaksjonar basert på selskapsnamn, ikkje berre kontonummer.

– Det betyr at vi i større grad kan hindre spelselskapa i å ta imot innskot frå norske spelarar.

I haust har Lotteritilsynet blitt kontakta av frustrerte spelarar som har satsa pengar hos utanlandske spelselskap, og som opplever rot når gevinsten skal utbetalast.

Endringa betyr også at bankar og andre som har betalingstenester i Noreg må undersøke alle betalingstransaksjonar til og frå betalingsformidlarar eller selskap som ikkje har lov til å tilby pengespel i Noreg, dersom Lotteritilsynet sender vedtak om det.

– Vi kan også pålegge bankar og andre med betalingstenester i Noreg å gje opplysningar om selskap som formidlar betaling knytt til pengespel.

Lotteritilsynet har sendt eit informasjonsbrev til norske bankar, finansinstitusjonar og betalingsformidlingsføretak om endringane. Brevet kan du lese her.