Lotteritilsynet åtvarar norske lag og organisasjonar mot å inngå sponsoravtale med ulovlege pengespelselskap. Å fronte samarbeid med aktørar som i dag bevisst bryt norsk lov kan potensielt medføre brot på pengespelregelverket.

Vi har fått spørsmål frå lag og organisasjonar som spør om det er lovleg å inngå sponsoravtalar med ulovlege pengespelselskap. I følgje media har nokre lag og organisasjonar alt inngått slike avtalar.

I dag har Lotteritilsynet sendt brev til Norges E-sportforbund og deira samarbeidspartnarar om sponsoravtalen dei har inngått.

Ulovlege pengespelselskap

Det følgjer av norsk lov at det er forbode å tilby pengespel på den norske marknaden utan å ha løyve frå norske styresmakter, og at det er forbode å marknadsføre eller formidle pengespel som ikkje har eit slikt løyve. Det er dette som er grunnlaget i den norske pengespelreguleringa. Enkelte hevdar at vi i Noreg ikkje har regulert pengespelmarknaden, men faktum er at Noreg har ei regulering der omsynet til å sikre at lotteri og pengespel blir tilbydde i trygge og ansvarlege former for å avgrense uheldig speleåtferd er det viktigaste. Difor er det ikkje opna for å gi kommersielle pengespelselskap lisens. Det er berre statseigde Norsk Tipping som har løyve til å tilby online kasinospel og oddsspel i Noreg. Alle andre pengespelselskap som tilbyr nettspel i Noreg trassar det norske forbodet.

Dette har fleire utanlandske pengespelselskap bestridt i ulike rettslege disputtar med norske styresmakter. Det er viktig at norske lag og organisasjonar kjenner til at både Lotteritilsynet og klageinstansane i fleire saker har slått fast at pengespillaktivitet som er tilpassa og tilrettelagt for spelarar i Noreg blir omfatta av norsk lov når tilbodet er retta mot Noreg. Dette gjeld sjølv om tilbodet også er tilrettelagt for spelarar i andre land. Den norske pengespelreguleringa har blitt vurdert og funnen i orden av ei rekkje domstolar, inkludert EFTA-domstolen, Oslo tingrett og Høgsterett. Då hjelper det ikkje at spelselskapa har lisens frå styresmakter i andre land til å tilby pengespel, for desse vil jo berre gjelde der dei er gitt. Det har ikkje skjedd endringar som skulle tilseie at domstolane ville kome til ein annan konklusjon i dag.

Ver obs på marknadsføringsforbodet

Lotteritilsynet har sett døme på slike sponsoravtaler, der dei ulovlege aktørane viser til at det er gjort juridiske vurderingar av avtalen og hevdar at avtalen er lovleg. I slike tilfelle er det viktig at norske lag og organisasjonar forstår at desse vurderingane ikkje er gjort av norske styresmakter.

Lotteritilsynet kan ikkje sjå at det er mogleg å slå fast at ein slik avtale er lovleg før ein har sett korleis han fungerer i praksis. Etter vår vurdering vil dette avhenge av kva gjenytingar avtalen legg opp til. Norske lag og organisasjonar bør kjenne til at all aktivitet som er sett i verk for å fremje omsetnaden av ulovlege pengespel vil være ulovleg marknadsføring. Dette gjeld ikkje berre tradisjonell reklame som finn stad fysisk i Noreg. Marknadsføringsforbodet rammar også aktivitet retta mot Noreg, sjølv om han skjer på internett eller andre plattformar. Formålet til ein sponsor vil som regel vere å fremje eiga omsetnad, men dette er det vanskeleg for norske lag og organisasjonar å hjelpe til med på lovleg vis.

Gråsone

Ytringsfridomen gjeld sjølvsagt, men ver klar over at vernet er svært lågt for kommersielle ytringar. Ved å inngå ein sponsoravtale med eit ulovleg pengespelselskap, kan de fort hamne i ein situasjon der de kontinuerleg vil operere i ei gråsone mellom ytringsfridom og ulovleg marknadsføring.

Lotteritilsynet oppmodar norske lag og organisasjonar til å vurdere konsekvensane ved å inngå ein slik avtale nøye, både ved å sette seg i en situasjon som potensielt kan medføre fare for brot på pengespelregelverket, og ved å offentleg fronte samarbeid med aktørar som bevisst bryt norsk lov ved å tilby ulovlege pengespel i Noreg.