Lotterinemnda har behandla klagen til Entercash Ltd. og European Gaming & Betting Association (EGBA) om vedtaket Lotteritilsynet sende til norske banker om stans av transaksjonar på sju kontonummer. Klager fekk ikkje medhald.

Bakgrunn

I mars 2017 sende Lotteritilsynet vedtak til norske banker og finansinstitusjonar med pålegg om å avvise betalingstransaksjonar av innskot og gevinst til og frå utanlandske pengespel på nett. Betalingsformidlingsselskapet Entercash Ltd. og foreininga European Gaming & Betting Association klaga på vedtaket 24. april 2017. I klaga hevda dei at Lotteritilsynets vedtak var ugyldig, ved at vedtaket mangla tilstrekkeleg heimelsgrunnlag. Men også at vedtaket var i strid med EØS-avtalen art. 36 og betalingstenestedirektivet 2007/64/EF.

Tidlegare har både Kulturdepartementet og Landbruks- og matdepartementet vurdert klagen. Begge departementa kom fram til at klagen ikkje blei tatt til følgje. Lotterinemnda er den tredje klageinstansen.

Les heile vedtaket frå Kulturdepartementet her

Les heile vedtaket frå Landbruks- og Matdepartementet her

Vurdering

Lotterinemnda har vurdert at vedtaket til Lotteritilsynet har tilstrekkeleg heimel og ikkje er i strid med Norges EØS- rettslege forpliktelsar. Klagen blir difor ikkje tatt til følgje.

Les heile vedtaket frå Lotterinemnda her

Lotteritilsynet har følgt opp med nye vedtak i november og desember 2017, og arbeidet med betalingsformidlingsforbodet vil få prioritet i 2018.