I 2018 auka brutto omsetning i den norske regulerte pengespelmarknaden til 46,5 milliardar kroner frå 43,7 milliardar kroner i 2017.

(Merk: denne artikkelen er bare publisert på nynorsk).

I 2018 var brutto omsetning 46,5 milliardar kroner. I 2017 var omsetninga 43,7 milliardar. Netto omsetning var i 2018 på 10,5 milliardar kroner, mens den i 2017 var på 10,3 milliardar kroner. Det er hovudsakeleg omsetninga hos Norsk Tipping som har auka det siste året.

Du kan også laste ned statistikken  i PDF-versjon.

Kvar innbyggjar, 18 år og eldre vil i snitt ha satsa kroner 11 100 kroner på regulerte pengespel. Når gevinstane er trekte ifrå la nordmenn igjen 2 500 kroner per innbyggjar.

Innsats og tap på utanlandske nettstader kjem i tillegg til dette. Gjennom kvartalsvise målingar som Sentio Research Norge AS har utført for oss, kjem det fram at 840 000 nordmenn spelte pengespel på Internett i 2018, og at om lag 160 000 av desse spelte på utanlandske nettstader. Vi reknar med at desse målingane ikkje fangar opp alt spel, men meir av dei som spelar ofte enn dei som spelar sjeldan.

Nøkkeltal 2018

 Brutto (mill. NOK)Netto (mill. NOK)Stake (mill. EURO)GGR (mill. Euro)
Per capita
(18 år/yrs +)
1110025001160260
NT - talspel og Flax1164257101213595
NT - sportsspel355690637194
NT - Instaspel13895835144887
NT - Multix539841756243
NT - Belago363127537829
Norsk Rikstoto36111154376120
Lotteri (inkl. poker *)4903705040
Bingo *376074039080
Spel på skip56685599
Totalt465491049148501090

* estimat, NOK runda av til næraste 50 mill. EURO rounded to nearest 10 mill.

Tabellen viser brutto og netto omsetning. Brutto omsetning er det samla innsatsbeløpet frå spelarane. Netto omsetning er beløpet som spelarane har lagt igjen etter at gevinstar er utbetalt. Netto omsetning blir fordelt mellom formål og aktørar (t.d. lag og organisasjonar, entreprenør, operatør eller kommisjonær). Denne fordelinga blir presentert i ein årsstatistikk som kjem hausten 2019.

Utvikling 2017-2018

 Brutto (2017) Netto (2017)Brutto (2018) Netto (2018)Endring (brutto)Endring (netto)
Totalt *436711027046549104916 %2 %
NT - talspel og Flax1112154851164257105 %4 %
NT - sportsspel328288435569068 %3 %
NT - Instaspel108997191389583527 %16 %
NT - Multix62044835398417-13 %-14 %
NT - Belago341126336312756 %4 %
Norsk Rikstoto3894124236111154-7 %- 7 %
Lotteri (inkl. poker )*449343490370stabilt
Bingo *38557773760740reduksjon
Spel på skip55774566852 %15 %

*estimat 2018, NOK runda av til næraste 10 millionar.

Norsk Tipping si omsetning har auka for spel i kategorien Instaspill (online kasino, online bingo og online skrapespel). Omsetninga på Multix-terminalane er redusert. Dei andre spela hadde mindre endringar.

Norsk Rikstoto si brutto omsetning vart rett over 3,6 milliardar kroner og er ein nedgang samanlikna med året før.

Spel på skip har hatt ein auke i netto omsetning.

For bingo og lotteri er tal foreløpige. Bingo består hovudsakleg av entreprenørbingo der vi har brukt rapporterte tall, men for foreiningsbingo og radiobingo er tal framskrivne med utgangspunkt i 2017.

Foreløpige tal viser at bingo med og utan entreprenør hadde ei samla brutto omsetning på nærare 3,8 milliardar kroner i 2018 medrekna databingo. I 2018 var det 241 bingohallar knytt til 56 bingoentreprenørar som har hatt løyve til å entreprenørbingo . Omsetninga er noko redusert gjennom 2018.

For dei andre lotteria, samla sett, reknar vi med ei stabil omsetning samanlikna med året før.

Nordmenn si deltaking i den norske regulerte lotteri- og pengespelmarknaden

Lotteritilsynet får årleg gjennomført i befolkninga. Målingane blir utført i juni og desember. Kvar gong blir 1 000 personar 15 år og eldre spurde om deltaking i dei ulike spela.

Diagrammet under  som har spelt det siste året fordelt på kvinner og menn. Det blir og vist total prosentdel i befolkninga.

Av Norsk Tipping sine spel er talspel og Flax dei spela som flest har spelt det siste året (høvesvis 47 % og 40 %). Færrast har spelt på terminalspela Multix og Belago.

Langt færre har sagt dei spelar hos Norsk Rikstoto (5 %). Dette er ein lågare prosentdel enn for Norsk Tipping sine sportsspel (9 %).

Blant private spel og lotteri er det flest som svarer at dei har kjøpt lodd i mindre lokale lotteri (35 %). Færrast har svart at dei har spelt bingospel hos bingoentreprenørar.

På grunn av feilmarginar ved målingane vil reell andel spelarar kunne avvike noko frå det som er presentert her.

For mange spel har menn oftast sagt at dei deltek, men kvinner seier oftare at dei kjøper skrapelodd eller mindre lokale lotteri.

Diagrammet under viser deltaking i spel fordelt på aldersgrupper.

Hovudinntrykket er at talspela til Norsk Tipping, hestespel hos Norsk Rikstoto samt andre lotteri har forholdsvis fleire spelarar blant dei eldre aldersgruppene. Andre spel har oftare deltaking blant yngre.

Liten auke i talet på nettspelarar frå 2017 til 2018

Kvartalsvise målingar  viser stabilitet i talet på nettspelarar i 2017 samanlikna med året før. I 2018 viser målingane at 840 000 nordmenn frå 18 år og oppover spelte på internett eller mobil. Dette utgjer 20,2 prosent av . For 2017 berekna vi 740 000 nettspelarar, som då utgjorde 17,9 prosent.

Sidan våre berekningar baserer seg på regelmessige målingar utført gjennom heile år, får vi etterslep. Talet på nettspelarar ved utgangen av 2018 kan reelt sett vere høgare enn vi får fram her.  Det kan og tenkjast at målingane i større grad fangar opp dei som spelar ofte og jamleg enn dei som spelar sjeldan og sporadisk.

Nettspelarar deltek både på norske og utanlandske nettstader, men langt fleire spelar på norske enn på utanlandske. 80 prosent av nettspelarane har i 2018 svart at dei berre har spelt hos Norsk Tipping eller Norsk Rikstoto, 13 prosent har spelt både på norske og utanlandske medan 6 prosent svarer at dei berre har spelt på utanlandske nettstader.

Frå resultatet spelarar 18,6 % i befolkninga på norske nettstader, som utgjer 770 000 personar i 2018. Tilsvarande tal i 2017 var 640 000 spelarar.

At så mange nordmenn spelar på nett hos dei norske selskapa heng mykje saman med at mange spelar talspel som til dømes Lotto på nett. Dvs at dei t.d. leverer lottokupongen på nett eller mobil i staden for i butikken. Av nettspelarane totalt sett, er det 86 % av dei om har spelt dei siste tre månadene, som har spelt talspel som Lotto, Viking Lotto eller Keno. Til samanlikning er dei spela som deretter er spelt av forholdsvis mange, tipping og odds med 23 % og liveodds med 9 %.

Stabil deltaking på utanlandske nettstader

Frå målingane har 160 000 spelarar spelt på utanlandske nettstader. Dette utgjer 3,9 % av den vaksne befolkninga. Talet er ein nedgang frå året før då resultatet i 2017 viste 4,6 %. Endringa er ikkje signifikant.

At endringa er lita blir underbygd i dei i tillegg til dei kvartalsvise. I dei halvårlege målingane inngår eit spørsmål om spel på nett hos andre tilbydarar enn Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, og 4,8 prosent svarte også her at dei har spelt på utanlandske nettstader i løpet av det siste året.  I 2017 var tilsvarande prosent 4,6.

Diagrammet under viser ein langvarig stabilitet når det gjeld nordmenns deltaking på utanlandske nettstader.

Som nemnt innleiingsvis fangar ikkje målingane våre opp alt spel blant nordmenn, og vi reknar dermed med, som for 2017, at om lag 250 000 nordmenn har spelt hos utanlandske nettselskap i 2018.

For den type spel der Norsk Tipping konkurrerer med dei utanlandske spelselskap viser dei halvårlige målingane at andel spelarar hos Norsk Tipping aukar. Diagrammet under syner andel i befolkninga som frå desse målingane har spelt på utanlandske nettstader samanlikna med dei som har spelt tilsvarande spel hos Norsk Tipping.

*For Norsk Tipping gjelder spel på nett eller mobil. Her inngår Tipping, Odds, Liveodds, KongKasino, Bingoria og Flax. For utanlandske aktørar er også poker med (poker blir ikkje tilbydd av Norsk Tipping).

Kven er nettspelarane og korleis spelar dei?

Kvartalsvise målingar viser at nettspelarane oftast er menn. Blant menn har 26 % spelt på nett eller mobil det siste året, og blant kvinner er andelen 14 %.  Etter alder er andelen nettspelarar høgast blant personar mellom 40 og 49 år. Her har 28 % spelt på nett eller mobil. Andelen er lågast blant personar som er 50 år og eldre der andelen er 14 %.

Dei fleste spelar på ettermiddag eller kveld, og dei færraste om natta. Mange nyttar mobiltelefon.

Norsk Tipping og Norsk Rikstoto

Det er hovudsakleg berre Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som tilbyr regulerte pengespel på nettet her i landet. Unicef lanserte i 2017 eit lotteri og hausten 2018 lanserte WWF og SOS Barnebyer Postkodelotteriet som blir selt over internett og mobil.  Desse lotteria er framleis i oppstartsfasen, og var ikkje med i målingane i 2018.

Ifølgje målingane spelte 92 prosent av nettspelarane hos Norsk Tipping, medan 11 prosent spelte hos Norsk Rikstoto i løpet av dei siste 12 månadene.

Til samanlikning var det ingen utanlandsk nettstad der 10 prosent eller fleire av nettspelarane hadde spelt. Unibet var størst der 9 % av nettspelarane sa dei hadde spelt det siste året.

Frekvens og innsats

I målingane våre for 2018 har 43 prosent av nettspelarane sagt at dei spelar 13 gonger eller meir i løpet av siste kvartalet. Gjennomsnittet var 16,5 gonger. Snittet utgjer speling i overkant av ein gong i veka.

Blant dei som berre speler på norske nettstader var snittet 15,5 gonger. For  dei som berre speler på utanlandske nettstader var snittet 17,1, og for dei som spelte både på norske og utanlandske var snittet 22,6 gonger i løpet av eit kvartal.

Uavhengig av kva spelarane har spelt for har vi spurd kor stort innskot dei vanlegvis gjer når dei er logga på ein nettstad og spelar pengespel. Dvs. kor mykje dei overfører frå eigen bank-konto til ein spelarkonto hos eit spelselskap. Avrunda er snittet 310 kroner. Blant dei som spelar på berre norske nettstader er snittet kr 250 og blant dei som spelar berre på utanlandske er snittet kr 630. Hos dei som spelar på både norske og utanlandske er snittet kr 500.

Frå undersøkingane ser det ut til at dei som spelar hos utanlandske speleselskap spelar oftare og for meir pengar enn dei som spelar berre på norske nettstader.

Kva nordmenn legg igjen på utanlandske nettstader (GGR)

Lotteritilsynet estimerer at netto omsetning på utanlandske nettstader, eller det nordmenn la  igjen her etter gevinstutbetaling, utgjer mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner i 2018. Dette er stabilt frå estimatet vi hadde for 2017 (1,8 – 2,2 mrd). Sidan bruk av kjelder og tilgjengeleg informasjon, er det vanskeleg å samanlikne dei to åra direkte.

Estimatet for 2018 bygger på berekningar frå fleire kjelder:

  • Marknadsprisen for TV-marknadsføringa til utanlandske speleselskapa.
  • Omsetning hos Norsk Tipping sett opp mot data frå målingane til Sentio Research AS.
  • Vekst i den regulerte marknaden (2018) sett opp mot estimatet som blei gjort for 2017.
  • Data frå analyseselskapet GBGC, Global Betting and Gaming Consultants
  • Data frå analyseselskapet H2 Gambling Capital

Med utgangspunkt i berekningane estimerer vi netto omsetning – eller Gross Gaming Revenue (GGR) til å utgjere mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner.

Færre ringde Hjelpelinja, men fleire ringde om kasinospel

Hjelpelinja for speleavhengige hadde i 2018 ein nedgang i samtaler etter tre år med auke. Tal samtaler om pengespel fall med 17 prosent, frå 763 til 632 samtaler. Tal førstegongs- samtaler fall med 15 prosent frå 605 til 534. Men sjølv om tal førstegongs- samtaler fall, er det framleis fleire samtaler enn i 2016, og den tydelege trenden med at samtaler om kasinospel dominerer statistikken held fram.

Tabellen under viser kva spel førstegongs- samtalene i 2018 handla om. Dersom fleire spel har vore omtalte i same samtale, vart det spurt om kva spel som var hovudproblemet.

Hovudproblemspel
(eller det einaste..)
Tal samtalarAndel (%)
Totalt534100%
Kasinospel (nett)28654%
Liveodds112%
Odds7915%
Poker489%
Bingo183%
Databingo/NT Belago81%
Hestespel204%
NT Terminal (Multix)92%
Lotto/Viking Lotto/
EuroJackpot/Extra/
Joker/Keno/Nabolaget
30,6%
Tipping00%
Skrapespel30,6%
Andre pengespel30,6%
Pengespel
(ikkje spesifisert)
438%
Dataspel
(spel som ikkje er pengespel)
00%

Spelarane blir også spurde om kva speloperatør dei har spelt hos. Av samtalene om kasinospel er Norsk Tipping åleine nemnd som tilbydar i 5 prosent av samtalene i 2018. I 15 prosent av samtalene blir både Norsk Tipping og utanlandske operatørar nemnde, medan det i 71 prosent av samtalene er utelukkande ein utanlandsk operatør som blir nemnd. I samtalene om odds og liveodds, viser 24 prosent av samtalene til Norsk Tipping og 62 prosent til utanlandske selskap. Ni prosent nemner poker. Her gjeld 94 prosent nettpoker og resten nemner pokerspel i venelag eller pokerklubb.

Totalt blir det vist til ein utanlandsk operatør i 71 prosent av samtalene som gjeld spel der utanlandske speloperatørar tilbyr spel i konkurranse med Norsk Tipping.

Andelen førstegongssamtaler som gjeld kvinner var i 2018 på 17 prosent. Snittalderen på dei som samtalene handla om var på 41,6 år. Tabellen under viser kva spel som blir nemnt som problematiske etter alder. Når det gjeld Kasinospel og odds- og sportsspel, er det folk i alle aldersgrupper som har problem, sjølv om dei yngste gruppene ser ut til å vere overrepresenterte i desse spela. Når det gjeld poker er trenden at det er unge som har problem tydeleg. Motsett er det dei eldste aldersgruppene som har problem med spel på hest og bingospel. For Multix er biletet meir blanda.

Innringarane blir også spurde om dei har spelegjeld på samtaletidspunktet. Her har biletet dei siste åra vore at fleire av spelarane har spelegjeld, og at andelen som har høg spelegjeld har auka. I samtaler der spelegjeld har vore tema, sa 56 prosent at dei hadde ei gjeld på 100 000 eller meir. 32 prosent oppga at dei hadde spelegjeld på over ein halv million. 15 prosent sa at dei ikkje hadde spelegjeld.

Når det gjeld helsemessige konsekvensar opplyste 86 prosent, der helse var tema, at dei opplevde psykiske plager som følgje av spelinga.