Kulturdepartementet har hatt regelverket for nye stimuleringsordningar for frivilligheita på høyring. Det er Kulturdepartementet som lagar ordningane, og dei jobbar no med å vurdere høyringsinnspela.

Departementet er ferdige med den eine ordninga, tilskotsordninga for arrangementsstøtte, og vil om kort tid sende denne for godkjenning til EØS’ kontrollorgan ESA. Det er først når denne godkjenninga er på plass at regelverket kan fastsetjast.

Vi veit ikkje når forskriftene blir vedtekne, men vi kjem til å komme med informasjon her på nettsidene våre når det er klart.

Vi skal forvalte ordningane, og de vil finne meir informasjon om søknadsskjema og rettleiing her på nettsidene våre når ordningane er klare.