Dei nye tilskotsordningane skal støtte opp under frivilligheits- og idrettspolitiske mål om brei deltaking og mangfald ved å støtte sektoren gjennom covid-19-krisa. Ordningane skal hjelpe til å utvikle og gjennomføre både aktivitetar og arrangement, som er tilpassa smittervernrestriksjonar. Dei skal også bidra til omstilling og utvikling av aktivitetstilbodet i organisasjonane.

Forskrift om tilskotsordning til frivilligheita er todelt.

  • Tilskot for dei som har mottatt momskompensasjon i 2020.
  • Tilskot i samband med arrangement eller aktivitetar for frivillige organisasjonar. (OBS! Denne delen av ordninga blir justert. Vi kjem tilbake med meir informasjon så fort den er klar).

I tillegg er det ei tilskotsordning til publikumsarrangement av nasjonal verdi for toppidretten.  Sjå forskrifta her.

Som følge av smittesituasjonen har Regjeringa signalisert at ordninga for frivilligheita skal justerast noko for å møte behova i frivilligheita på ein god nok måte. Justeringa vil gjelde den søknadsbaserte delen av ordninga. Innretninga på den delen av ordninga som går til dei som har mottatt momskompensasjon og arrangementsstøtteordninga for store publikumsarrangement av nasjonal verdi blir ikkje endra.

Tilskot for dei som har mottatt momskompensasjon

Organisasjonar som fekk momskompensasjon i 2020 kan få tilskot. Desse fyller ut eigenerklæring, og har søknadsfrist 20. april.

Det er sentralledda som skal stadfeste eigenerklæringa på vegne av underledda sine. Fekk de momskompensasjon som enkeltståande søkar skal de levere eigenerklæringa sjølve.

Gå til søknadssida

Dei som mottar midlar frå denne delen av ordninga kan også søke tilskot i samband med gjennomføring av arrangement eller aktivitetar.

Tilskot i forbindelse med arrangement eller aktivitetar

Det blir jobba med å justere denne delen av ordninga, slik at den blir tilpassa den faktiske smittesituasjonen.

Les pressemelding frå Kulturdepartementet.

Nærare informasjon og rettleiing til denne delen av ordninga blir lagt ut her på nettsida så snart det er klart.

Vi kjem truleg til å opne for søknadar i juni 2021.

Tilskot til publikumsarrangement av nasjonal verdi

Dette er ei tilskotsordning for gjennomførte og avlyste publikumsarrangement av nasjonal verdi i idrettssektoren.

Internasjonale meisterskap på seniornivå som EM, VM, NM, verdscup og landskampar er omfatta av ordninga. Det same er seriespel på øvste nivå i lagidrettar, samt OBOS-ligaen i fotball.

Ordninga gjeld frå 1. januar til 30. juni 2021. Det blir opna for søknadar i april.

Les meir om ordninga.