Er organisasjonen registrert i Frivilligregisteret?

I ny forskrift som gjeld frå søknadsåret 2019 er det eit krav om at alle mottakarar, også lokalledd, regionalledd og aksjeselskap må være registrert i Frivilligregisteret innan søknadsfristen 1. september og på utbetalingstidspunktet. Organisasjonar som ikkje er registrert i samsvar med lov om handsaming av personopplysningar kan likevel søke.

Hjelpeverktøy

Vi har utarbeidd eit verktøy der ein enkelt kan sjekke om nokon av organisasjonane i søknaden ikkje er registrert i Frivilligregisteret. Ved å laste opp reknearket (vedlegg B.2/C.2) utfylt med organisasjonsnummer for alle underledd får de oversikt over dei organisasjonane som eventuelt ikkje er registrert i Frivilligregisteret.

Følg denne lenka for å laste opp rekneark i verktøyet: https://momskompensasjon.shinyapps.io/kontroll/

(Merk at de må laste opp årets rekneark, då verktøyet ikkje les fjorårets rekneark. Lenke til årets rekneark finn de under fana Vedlegg forenkla modell / Vedlegg dokumentert modell.)

Dersom du berre skal sjekke om ein enkelt organisasjon er registrert er det lettare å sjekke dette på Brønnøysundregistera sin nettstad.

Frivilligregisteret

Det er Brønnøysundregistra som administrerer Frivilligregisteret.
Finn informasjon om registrering i Frivilligregisteret og lenke til samordna registermelding. 

Du må ta høgde for sakshandsamingstid i Brønnøysundregistera, og registrering bør difor gjerast i god tid før søknadsfristen om momskompensasjon.

Registrering i Frivilligregisteret er regulert av lov om register for frivillig virksomhet og gir organisasjonar som driv frivillig verksemd rett til å registrere seg. Frivillig verksemd vert i lova definert som aktivitetar som ikkje er fortenestebasert.

Aktivitetar som ikkje er fortenestebasert

Med omgrepet «fortenestebasert» meiner vi aktivitetar som er eigna til å generere forteneste for dei som står bak aktivitetane. Med forteneste vert det her sikta til eit overskot som kan delast ut til eigarane/medlemmane dersom organisasjonsforma eller vedtektene tillet det. Det kan også vere andre økonomiske fordelar som for eksempel verdiar ved sal/oppløysing eller i form av verdiauke på private eigedelar.

Ein organisasjon kan drive ein aktivitet som er eigna til å gå med overskot. Kravet er at overskotet i sin heilskap blir ført tilbake til den frivillige verksemda. Det må vere nedfelt i vedtektene til organisasjonen at eit eventuelt overskot skal gå tilbake til føremålet. Dersom ein organisasjon driv verksemd som genererer  overskot som går tilbake til føremålet, men har nedfelt i vedtektene at utdelingar kan  skje til eigarar/medlemmar, vil organisasjonen bli vurdert til å drive fortenestebasert verksemd.

Aktivitetar organisert av det offentlege og aktivitetar basert på samvirkeprinsipp vert ikkje rekna som frivillig verksemd.

Har organisasjonen oppdaterte vedtekter i Frivilligregisteret?

Alle som søkjer om momskompensasjon må ha registrert oppdaterte vedtekter i Frivilligregisteret. Ved behov vil vi hente vedtekter derifrå.