Aktuelt

Fire milliarder kroner årleg frå norske stiftelsar

Norske stiftelser meiner dei har delt ut 4 milliarder kroner til samfunnet i 2014. Dette er ein auke på 1 milliard kroner samanlikna med tidlegare undersøkingar. Dei nye tala kjem fram i ei temaundersøking som Stiftelsestilsynet har gjennomført. Samtidig viser undersøkinga at styremedlemmer i norske stiftelsar yter mykje til det norske samfunnet i form av frivilleg og ideelt arbeid.
Les heile saka

Tilsynsrapporten om Stiftelsen romanifolkets/taternes kulturfond er klar

Tilsynsrapporten om Stiftelsen romanifolkets/taternes kulturfond er ferdig frå Stiftelsestilsynet. Stor interesse Det har vore stor offentleg interesse rundt tilsynet. Både før og under tilsynet har Stiftelsestilsynet fått mange skriftelege og muntlege meldingar om kritiske forhold i stiftelsen. Stiftelsen har også vore omtala i media ved ei rekke høve. Mange innsynskrav Undervegs…
Les heile saka

Stiftelsestilsynets høyringsuttale til ny stiftelseslov

Stiftelsestilsynet har levert sin høyringsuttale til ny stiftelseslov. Vi meiner Lovutvalet har gjort eit godt arbeid på kort tid, og det er mykje vi kan slutte oss til. Samtidig ser vi at det også er utfordringar lovutkastet ikkje gir tydelege svar på.
Les heile saka

Stoppar ulovleg marknadsføring av pengespel

Lotteritilsynet har fått stadfesta at spilleautomater.com via Folkeandelen rettar seg etter pålegget frå oss, og at dei stoppar vidare marknadsføring og formidling av pengespel. Saka er difor avslutta i Lotteritilsynet.
Les heile saka

Utsett svar på innsynskrav

Lotteri- og stiftelsestilsynet har dei siste dagane motteke uvanleg mange krav om innsyn i dokument.
Les heile saka

Vidarefører dagens modell på pengespelfeltet

Regjeringa vil vidareføre dagens modell på pengespelfeltet. Det går fram av stortingsmeldinga: "Alt å vinne - ein ansvarleg og akiv pengespelpolitikk", som blei lagt fram av kulturminister Linda Hofstad Helleland den 17. desember 2016.
Les heile saka

Medietilsynet vil stanse pengespelreklame på dagtid

Medietilsynet har undersøkt kor mykje pengespelreklame som blir sendt på dagtid, frå fire tv-kanalar som rettar sendingane sine mot Norge. No har dei tatt kontakt med britiske mediemyndigheiter i Ofcom i eit forsøk på å begrense omfanget.
Les heile saka

Tippe-overskotet er fordelt

Tilsaman 681 millionar kroner av overskotet i Norsk Tipping for 2015 gjekk til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Heile summen er no fordelt av Lotteritilsynet.
Les heile saka

Støttegrupper kan søkje om tilskot

Frivillige støttegrupper for speleavhengige, og andre organisasjonar som særleg rettar verksemda mot problematisk speleåtferd, kan søkje om økonomisk støtte. Søknadsfristen er 31. januar 2017.
Les heile saka

Nasjonal kamfiksingseining samarbeider med Sportradar

Henrik Nordal er seniorrådgjevar i kamfiksingseininga. Lotteritilsynet oppretta i 2016 ei nasjonal kampfiksingseining som skal kartlegge omfanget, førebyggje og motarbeide manipulering av idrettskonkurransar. Eininga har no inngått ei avtale med Sportradar, som overvakar over 550 speloperatørar og sit på store mengder relevante data. Samarbeid med Sportsradar – Vi er no…
Les heile saka