Lotterinemnda har avvist ein klage frå Lions Norge. Organisasjonen klaga på at Lotteritilsynet avslo ein søknad om tilskot frå overskotet i Norsk Tipping.

Avslaget var grunngitt med at Lions blir vurdert som ein lukka organisasjon. Bakgrunnen er at du berre kan bli medlem gjennom invitasjon frå eksisterande medlemer.

I sitt vedtak viser Lotterinemnda til at Kulturdepartementet i eit rundskriv slår fast at organisasjonar ikkje kan få del av overskotet i Norsk Tipping når eksisterande medlemer skal godkjenne nye medlemer. Dette prinsippet er også slått fast i ein kongeleg resolusjon frå 2009.

I Lions sine vedtekter blir det slått fast at du får medlemskap i organisasjonen gjennom invitasjon.

Lions Norge er det nasjonale leddet for dei 440 lokale Lions-klubbane i Norge.