Lotteritilsynet gir dispensasjon frå bingoforskrifta som følgje av koronaviruset.

Lotteritilsynet blir kontakta av fleire bingoentreprenørar om dispensasjonar frå forskrift om bingo, i samband med utfordringar knytt til stenging av bingohallar som følge av koronaviruset.

Det blir særleg vist til regelverksutfordringar knytt til bruk av nettspel.

Lotteritilsynet har i forskrift om bingo § 34 ein heimel til å kunne «dispensere fra bestemmelsene i denne forskrift». I praksis har det blitt kravd tungtvegande grunnar for at Lotteritilsynet skal gjere dette. Lotteritilsynet har gitt dispensasjon frå kravet om at hovudspel må spelast i hall for også å kunne vere online.

Dispensasjonen gjeld førebels fram til og med 23. november. Lotteritilsynet vil vurdere forlenging fortløpande. Ny informasjon 23.11.2020: Dispensasjonen er no forlenga til og med 07. desember 2020. 

Les meir om dispensasjonen og vilkåra for den.