Den 15. mai overleverte vi rapporten “Sosialpolitiske og kriminalpolitiske konsekvenser av lisensiering i det norske pengespillmarkedet” til Kulturdepartementet. Dette oppdraget fekk vi overlevert frå Kulturdepartementet i januar etter at Kulturministeren fekk overlevert Rambøll-rapporten “Utredning av økonomiske konsekvenser av en mulig lisensordning for pengespill.”

Konklusjonane i rapporten er som følgjer:

  • Utgreiinga viser at dagens einerettsmodell samla vil gi færre negative sosial- og kriminalpolitiske konsekvensar enn ein lisensiert marknad som ikkje har krav om gjennomgripande ansvarligheitsverkty på tvers av operatørar.
  • Utgreiinga viser at einerettsmodellen vil vere det beste alternativet dersom norske myndigheiter lukkast i å stenge uregulerte operatørar ute.
  • Dersom norske myndigheiter ikkje lukkast med dette vil ein norsk lisensmodell gi myndigheitene kontroll med operatørane som står bak pengespeltilbodet til eit betydelig fleirtal av spelarane, mot om lag halvparten i dag. Hvis den lisensierte marknaden inneheld gjennomgripande ansvarligheitstiltak, kan eit lisenssystem vere betre enn einerettsmodellen.

Kulturdepartementet ber oss no utdjupe vår utgreiing på nokre punkt. Det skal vi gjere innan fristen 1. juni.

Ut i frå mediebiletet ser vi likevel behov for å presisere nokre punkt.

Opnar ikkje for utanlandske spelselskap

Lotteritilsynet har vurdert einerettsmodellen opp mot Rambølls ulike modellar (2a og 2b), og vi er tydelege på at det er einerettsmodellen som gir best brukarvern. Vi har ikkje komme med konkrete anbefalingar om val av reguleringsmodell, men har gitt eit bakgrunnsteppe for dei som skal ta avgjerda.

For at ein lisensmodell skal vere betre enn dagens monopol, forutset det strenge og gjennomgripande ansvarligheitstiltak på tvers av operatør og spelarar. Det kan for eksempel vere maks tapsgrenser for spel, slik at spelarane ikkje kan hoppe over til eit anna spelselskap når tapsgrensa er nådd.

– KUD har også gitt oss i oppdrag å sjå på tiltak som kan motverke eventuelle negative konsekvensar, både for einerettsmodellen og ein lisensmodell, og det har vi gjort, seier avdelingsdirektør i Lotteritilsynet Linda Vøllestad Westbye.

Lukkast vi med å stenge utanlandske operatørar ute?

– Vi lukkast med å stenge nokre dører og vi jobbar med å stenge fleire gjennom  blant anna å stanse TV-reklame frå utlandet og redusere betaling for utanlandske pengespel til utlandet. Arbeidet må halde fram for å sikre eit godt brukarvern, seier Westbye.

– Dersom vi ikkje lukkast i å stenge dørene, så peikar vi på kva som skal til for at eit lisenssystem skal bli like ansvarleg som monopol, avsluttar ho.