Universitetet i Bergen gjennomførte hausten 2013 ei undersøking om penge- og dataspelproblem. Hausten 2015 vart ei ny undersøking gjort der dei som deltok i 2013 kunne delta på nytt. 5809 personer deltok i oppfølgingsundersøkinga. Av dei som deltok hausten 2013, deltok 60 % i 2015.

Menn, yngre, einslege, personar med låg utdanning og låg inntekt, forutan dei med penge- og dataspelproblem og psykosomatiske symptom, er underrepresentert i oppfølgingsundersøkinga.

Sidan alle som deltok i undersøkinga hadde svart både i 2013 og 2015, kan rapporten i tillegg til å vise samanhengar, også seie noko om retningar på samanhengar. Rapporten seier meir om endring over tid enn å gi eit fullt ut representativt bilete av dagens spelemarkand.

Utskifting av risiko- og problemspelarar

Blant dei som deltok i oppfølgingsundersøkinga, er deltakinga i pengespel stabil – 61 % i 2013 og 60 % i 2015. Problemomfang knytt til pengespel er også stabilt, og delen moderate risikospelarar eller problemspelarar i utvalet var 1,8 % i 2013 og 1,7 % i 2015. Om lag halvparten av dei som var moderate risiko- eller problemspelarar i 2013, er skifta ut med nye i løpet av toårs-perioden.

Dei som har hatt, eller har problem med pengespel, er forholdsvis ofte menn, einslege eller innvandrarar frå Afrika, Asia, Sør- eller Mellom-Amerika. Rapporten viser at personlege eigenskapar som medmenneskelegheit, eller det å vere mindre sårbar for stress, er blant faktorar som beskyttar mot speleproblem.

Små utval, men ei viss støtte til kanalisering

Blant dei som spelte pengespel både i 2013 og i 2015, viser undersøkinga ein reduksjon i andelen som har spelt papirskrapelodd, Multix, utanlandske kasinospel på nett, hestespel, tipping og talspel.

Ein forholdsvis stor del av dei som i 2013 spelte databingo i bingolokale, bingo på Internett og på utanlandske kasinospel på nett, begynte å spele på Norsk Tippings online kasino, online skrapespel, eller online bingo. Utvala her er små, men viser ein viss støtte for kanalisering frå utanlandske kasinospel til Norsk Tippings kasinospel.

Spel med mobiltelefon aukar

Fleire spelar over Internett og mobil i 2015 enn i 2013: 23 % av spelarane i 2013 og 27 % i 2015. Auken er først og fremst knytt til bruk av mobiltelefon der andelen spelarar har stige frå 10 % til 14 %.

Reklame

Opplevd reklameeksponering via TV har auka frå 2013 til 2015, og er redusert for aviser. Undersøkinga  indikerer større reklamepåverknad for dei som er eller har vore moderate risikospelarar eller problemspelarar.

Helse

UiB har undersøkt sammenhengen mellom helse- og pengespelproblem frå 2013 til 2015. Resultata indikerer at dårleg helse kan forårsake speleproblem, men viser også at speleproblem ser ut til å kunne forårsake andre helseproblem over tid.