Norske stiftelser meiner dei har delt ut 4 milliarder kroner til samfunnet i 2014. Dette er ein auke på 1 milliard kroner samanlikna med tidlegare undersøkingar. Dei nye tala kjem fram i ei temaundersøking som Stiftelsestilsynet har gjennomført. Samtidig viser undersøkinga at styremedlemmer i norske stiftelsar yter mykje til det norske samfunnet i form av frivilleg og ideelt arbeid.

Ny innsikt

-Vi har gjennom fleire temaundersøkingar dei siste åra fått ny innsikt i kva norske stiftelsar bidreg med til samfunnet. Alle viser at stiftelsane er ei viktig økonomisk kraft i samfunnet vårt, seier Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet.

Mens utdelingane til stiftelsanes formål kom opp i 4 milliardar i 2014, så vart det i 2011 tilført 3,0 milliardar kroner frå stiftelses-Norge. Året før var talet 3,2 milliardar og i 2009 2,7 milliardar. I tillegg kjem formålsrealisering som ikkje let seg kvantifisere på same måte.

Få tar styrehonorar

Undersøkinga frå Stiftelsestilsynet viser også at dei fleste styra – sju av ti – ikkje tar styrehonorar. I tillegg gjer dei mykje av jobben sjølve. Av dei som tar honorar, er nivået stort sett lågt. Berre i nokre få større stiftelsar blir det betalt ut høge honorar. Dette betyr etter Stiftelsestilsynets oppfatning at pengane i det alt vesentlege går til det dei skal, nemleg formåla.

-I arbeidet med undersøkinga har vi ikkje tatt stilling til kva som er rett nivå på styrehonorar i ulike stiftelsar. Vi viser til stiftelseslova som seier at godtgjerdsle skal stå i rimeleg forhold til det arbeid og ansvar for følgjer med vervet eller stillinga, seier Heggedal Longvastøl.

Målet med undersøkinga har vore å kartlegge kva kostnader norske stiftelsar har til styre og administrasjon, og kor mykje dei bidreg med til samfunnet i kroner.