Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2017 ei tilleggsløyving på 10 millionar kroner til kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.

Det er tidlegare løyvd 175,9 millioner kroner til ordninga, og med ei tilleggsløyving på 10 millionar kroner vil det truleg ikkje bli avkortning i kompensasjonen i 2017.

Les pressemeldinga frå Kulturdepartementet.

Søknadsfristen for denne ordninga var 1. mars.