Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2016 ei tilleggsløyving på 50 millionar kroner til kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.

Det er tidlegare løyvd 143 millionar kroner til ordninga, og med ei tilleggsløyving på 50 millionar kroner vil det truleg ikkje bli avkorting i kompensasjonen i 2016.

Sjå pressemelding frå Kulturdepartementet.

Søknadsfristen for denne ordninga var 1. mars.