Medietilsynet har undersøkt kor mykje pengespelreklame som blir sendt på dagtid, frå fire tv-kanalar som rettar sendingane sine mot Norge. No har dei tatt kontakt med britiske mediemyndigheiter i Ofcom i eit forsøk på å begrense omfanget.

Bakgrunnen for undersøkinga er å sjå om kanalane respekterer britiske bransjereglar i sendingar som blir retta ut av landet. Når det gjeld pengespelreklame på tv, har spelbransjen i Storbitannia avtalt å følgje visse sendetidsreglar – eit såkalt vannskiljeprinsipp. Det vil seie at det meste av pengespelreklame skal sendast på kveld og natt mellom klokka 21-05.30.

Medietilsynet har undersøkt om fire tv-kanalar som er etablert i Storbritannia, men som rettar sendingane sine mot Norge, respekterer dette vanskiljeprinsippet.  Dei fann i undersøkinga at tv-kanalane FEM, MAX, TV3 og VIASAT4 sendte til saman 71 % av all reklame for pengespel på dagtid, før vannskilljet klokka 21.

Les heile saka og sjå undersøkinga på Medietilsynet si nettside.