Kongen har i statsråd vedtatt ei ny forskrift om Grasrotandelen frå 1. januar 2018. Ein større del av spelinnsatsen vert øyremerka til frivillige lag og organisasjonar.

Målet med den nye grasrotforskrifta er å sikre endå betre kår for frivillige lag og organisasjonar. Frå 2018 får grasrotmottakarar sju prosent av spelinnsatsen hos Norsk Tipping, ei auke på to prosent. For spela Multix, Instaspel og Oddsen aukar Grasrotandelen frå 10 til 14 prosent. Andelen blir berekna ut frå netto spelinnsats for desse spela.

Lotteri- og stiftelsestilsynet har også fått betre heimlar for å ha tilsyn med grasrotordninga. Føremålet er ikkje å auke tilsynet, men å sikre at Lotteri- og stiftelsestilsynet får nødvendig heimel til å handheve forsøk på misbruk av ordninga.

Grasrotordninga skal framleis vere ein ubyråkratisk lågterskelordning for regionale og lokale lag og foreiningar. Midlane er frie innanfor grasrotmottakarens føremål. Grasrotordninga vil framleis vere enkel og skal ikkje føre til meirarbeid for organisasjonar ordninga er meint for.

Les pressemeldinga frå Kulturdepartementet her.