Fristen for å søke om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg gjekk ut 1. mars.

Lotteri- og stiftelsestilsynet har fått inn 488 søknader med eit søknadsbeløp på ca. 305 millionar kroner mot ca. 199 millionar kroner i fjor. Gjennomsnittleg søknadssum på kvart anlegg er i år på ca. 625 000 kroner mot ca. 392 000 kroner i fjor.

Færre søknader i år

Det er 24 færre søknader i år. Noko av forklaringa kan vere at det nye anleggsregisteret opnar opp for at ein kan søke samla for fleire tiltak. Dette betyr også høgare søknadsbeløp per søknad. Det er fleire store anlegg som har søkt i år, og totalkostnadane på anlegga er gått opp til vel 1,9 milliardar kroner, mot vel 1,2 milliardar kroner i fjor.

I 2018 er det løyvd 185 millionar kroner til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Endeleg godkjent søknadsbeløp og avkorting blir klart før sommarferien, etter at saksbehandlinga er ferdig.