Fristen for å søkje om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg vart i år flytta fram til 1. mars. Lotteri- og stiftelsestilsynet fekk inn 419 søknader.

Færre søknader i år

Det er færre søknader i år, men søknadsbeløpet er likevel høgare enn i 2015. Totalkostnadane på dei omsøkte anlegga er på vel 1,2 milliardar kroner.

Tidlegare søknadsfrist gjer at sakshandaminga no er ferdig, og i alt 396 søknader er godkjende med eit samla søknadsbeløp på 192 271 948 kroner. Kvaliteten på søknadane er betre i år, og berre 23 søknader er avslått eller avviste. Det er færre enn tidlegare år.

Utbetaling i juni

Etter ekstraløyving blir utbetalt beløp på 191 862 328 kroner. Det betyr tilnærma full kompensasjon på 99,8 % av det godkjende søknadsbeløpet. Pengane blir betalt ut i løpet av siste veka i juni.

Sjå oversikt over søkjarar og godkjent søknadsbeløp for 2016.