Har du fått SMS om digital post frå oss dei siste dagane? Lotteri- og stiftelsestilsynet har gått over til å sende post digitalt til alle våre brukarar, noko vi også informerer om i digitale brev denne veka. Satsinga er i tråd med regjeringas digitaliseringsprogram om digital kommunikasjon som førsteval i samhandlinga mellom det offentlege, innbyggarar og næringsliv.

Korleis mottar du posten framover?

  1. Posten blir distribuert frå oss via tenesta SvarUt til din meldingsboks i Altinn eller til den enkelte sin postkasse hos Digipost eller eBoks.
  2. Lag, organisasjonar og verksemder kan lese dokument elektronisk i min meldingsboks på Altinn via rolla Post/arkiv. Varsel blir sendt på SMS eller e-post.

Merk deg at dokument som ikkje er opna i Altinn to yrkedagar etter at dokumentet er tilgjengelig i meldingsboksen, blir skrivne ut og sendt via Posten. Det er også mogleg å reservere seg mot å få posten digitalt dersom du er privatperson.

Er du feil kontaktperson eller treng hjelp til innlogging, navigering, delegering av roller eller anna knytt til bruk av Altinn, må du kontakte Altinn.