Kulturdepartementet har sendt forslag til ny lov om pengespel på høyring.

Forslaget samlar dagens tre lover på pengespillfeltet i éi ny lov. Dagens tre lover er lotterilova, pengespellova og totalisatorlova.

Kulturdepartementet trekk fram desse hovudpunkta i forslaget:

  • Ansvar for alt pengespelregelverk, inkludert regulering av hestespel, blir samla under Kulturdepartementet.
  • Norsk Tipping og Norsk Rikstoto får einerett til å tilby pengespel som krev særleg offentleg kontroll. Einerettsaktørane blir underlagte streng statleg kontroll, mellom anna gjennom at staten skal peike ut styremedlemmar og ha instruksjonsåtgang.
  • Forbodet mot at utanlandske pengespelselskap kan tilby eller marknadsføre pengespel retta mot den norske marknaden blir vidareført.
  • Marknadsføring for lovlege pengespel skal ikkje vere for omfattande, og ikkje rettast mot barn eller direkte mot dei som har reservert seg mot dette.
  • Det blir lagt eit større ansvar på dei som skal tilby pengespel. Desse må gjere risikovurderingar og etablere nødvendige tiltak for å sikre at pengespela er ansvarlege og ikkje legg til rette for kriminell verksemd.
  • Forslaget styrker Lotteritilsynets sine verkemiddel for å sikre at pengespel skjer i lovlege former. Lotteritilsynet skal også kunne pålegge internettilbydarar å opprette varslingsmelding på ei internettside for å informere om at eit pengespeltilbod som blir retta mot den norske marknaden skjer utan løyve i Noreg, såkalla DNS-varsling.
  • Høyringsnotatet vurderer når pengespel-liknande element i dataspel, t.d. lootboksar, bør falle inn under pengespillovens omfang. Det blir foreslått ein høg terskel for dette, då lova skal regulere pengespel og ikkje andre typar spel.

Les meir på Kulturdepartementet sine nettsider.