Lag og organisasjonar som vil halde lotteri må vere godkjende som lotteriverdige av Lotteritilsynet. I dag er det over 5400 organisasjonar som har slik godkjenning. Dei fleste av desse er også registrert i Frivilligregisteret, med unnatak av ca 760. Lotteritilsynet sender no brev til desse med oppmoding om å registrere seg i Frivilligregisteret.

Fleire fordeler

Det er fleire fordeler for organisasjonar med å vere registrert i Frivilligregisteret. Dette gjeld m.a. for å delta i Norsk Tippings grasrotandel, til ei viss grad for å søke om momskompensasjon, og for å få tilskot frå fleire offentlege og private tilskotsordningar.

Meir informasjon

Les meir om dette i brevet  som er sendt til over 760 organisasjonar. Her finn du også informasjon om korleis organisasjonen din kan registrere seg i Frivilligregisteret, og om vilkåra for dette.

Har du spørmål kan du kontakte oss på postmottak@lottstift.no.