Lotteritilsynet sitt tilsyn med myWorld (Lyoness) pågår framleis. Vi har mottatt ytterlegare innspel frå selskapet den 20. april.

Vi går no gjennom desse innspela og vurderer vidare saksbehandling. Lotteritilsynet sendte 11. januar 2018 varsel om pålegg av stans av Lyoness si verksemd i Norge. Vi konkluderte i varsel om vedtak at Lyoness si verksemd i Norge er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem etter lotterilova §16 andre ledd.

Sidan den gong har selskapet bytt namn til myWorld. 

Den 8. februar mottok vi brev frå myWorld med merknader til vedtaket som er varsla. Vi hadde nytt møte med myWorld 14. mars 2018 og det vart lagt fram nye opplysningar i saka. Vi ba om ytterlegare informasjon og dokumentasjon innan 6. april og mottok dette 20. april.

Saka er høgt prioritert og vi jobbar med å kome fram til ei avgjerd så raskt som mogleg.