Stiftelsestilsynet har levert sin høyringsuttale til ny stiftelseslov. Vi meiner Lovutvalet har gjort eit godt arbeid på kort tid, og det er mykje vi kan slutte oss til. Samtidig ser vi at det også er utfordringar lovutkastet ikkje gir tydelege svar på.

Stiftelseslovutvalet la i haust fram forslag til ny Stiftelseslov i NOU 2016:21.

Stiftelsestilsynet kjenner eit ekstra ansvar for å bidra med å formidle våre erfaringar, frå vår daglege kontakt med stiftelsar, gjennom elleve år. Vårt samfunnsoppdrag er å vere med å trygge og gi tillit til stiftelsesforma. Stiftelseslova er der vi hentar kompetansen for å utøve vår del av dette ansvaret.

Vi har gått nøye gjennom lovutkastet og prøvd å vere konkrete på utfordringar og manglar, og gi innspel til forbetringar. Her er våre innspel i korte trekk:

  • Vi er samde i utvalets forslag om å fjerne skiljet mellom alminnelege og næringsdrivande stiftelsar.
  • Ja til regnskapsplikt, men behov for differensiering i regnskapsreglane basert på type aktivitet.
  • Ja til revisjonsplikt, men det bør vurderast å innføre reglar om at visse stiftelsar kan velje frå revisjon dersom nærare gjevne vilkår er til stades.
  • Ja til forenkling av omdanningsreglane. Vi foreslår justering av utvalets forslag; lovteksten skal gi typar av vedtektsendringar som må godkjennast av Stiftelsestilsynet. På denne måten vert det tydelegare for stiftelsane kva for omdanningsvedtak som krev godkjenning, og i kva tilfelle stiftelsane sjølve kan vedta omdanning.
  • Ja til meir detaljert regulering av stiftelsars organisasjon. Viktige tiltak for å verne om stiftelsane sin kapital og sjølvstendighet.
  • Ja til tydlegare lovregulering av styret sitt ansvar for kapitalforvaltninga, og til reglane om gjennomføringa av stiftelsens formål.
  • Vi er samde i at det er behov for at stiftelseslova skal ha reglar om gransking i spesielle tilfeller. Vi er likevel ikkje einige i den utforminga av granskingsordninga som utvalet har foreslått.

Vår høyringsuttale kan du lese i sin heilskap her.