Lotteritilsynet har fått stadfesta at spilleautomater.com via Folkeandelen rettar seg etter pålegget frå oss, og at dei stoppar vidare marknadsføring og formidling av pengespel. Saka er difor avslutta i Lotteritilsynet.

Fekk pålegg

Lotteritilsynet gjorde vedtak om å stoppe marknadsføringa 9. november, og fristen for å rette seg etter vedtaket var 30. november. Sjå tidlegare melding frå Lotteritilsynet.

Stadfester stopp

Lotteritilsynet har no fått skriftleg stadfesting frå selskapa om at den ulovlege marknadsføringa er stoppa. Med bakgrunn i dette har vi stadfesta at saka er avslutta frå vår side (sjå kopi av brev til partane).